Forholdet mellom Thailand og USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
USA og Thailand i verda.

Forholdet mellom Thailand og USA er utanrikspolitikken som har vore mellom Thailand og USA, frå 1818 til i dag.[1]

Thailand var hærtatt av Japan under 2. verdskrig; USA jobba i lag med Free Thai Movement, eller Serithai.[1] Arbeidet med å byggja denne anti-japanske motstandsgruppa, kom blant anna frå regenten Pridi Banomyong, som regjerte på vegner av barnekongen som var under utdanning i Sveits.

Detention Site Green var ein hemmeleg CIA-fangeleir i Thailand. Fangeleiren var operativ i ein del av perioden 2001-2006 då Thailand og USA hadde sterke band, òg mellom den dåverande thailandske leiaren Thaksin Shinawatra og dåverande president av USA George W. Bush.[2]

Som følge av statskuppet i Thailand, 22. mai 2014, meldte dåverande Secretary of State i USA at kuppet vil ha negative implikasjonar for felles utanrikspolitikk, og spesielt forholdet med den thailandske hæren.[3]

Besøk av statsleiarar[endre | endre wikiteksten]

Den første presidenten frå USA som vitja Thailand, var Lyndon B. Johnson i 1966; han kom tilbake i 1967. Seinare vitja presidentane Richard Nixon (1969), Bill Clinton (1996), George W Bush (2008) og Barack Obama (2012).[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Friends across oceans, over the centuries», bangkokpost.com (Bangkok Post Public Company Limited), henta 20. august 2019 
  2. «Thailand's black site: Who is accountable?», bangkokpost.com (Bangkok Post Public Company Limited), henta 20. august 2019 
  3. «US Department of State on Thai coup». US Department of State. 22. mai 2014. Henta 22. mai 2014. 
  4. «US president who loved the Big Mango». Bangkok Post. Henta 28. juli 2019. 
Spire Denne politikkartikkelen som har med Thailand og USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.