George W. Bush

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
George Walker Bush
George-W-Bush.jpeg
President i USA
Regjeringstid20. januar 2001-20. januar 2009
PartiDet republikanske partiet i USA
Fødd6. juli 1946 i New Haven i Connecticut
FødestadNew Haven
MorBarbara Bush, Barbara Bush
FarGeorge H.W. Bush, George H.W. Bush
EktefelleLaura Bush
BarnJenna og Barbara Bush
MedlemAmerican Legion
FøregangarBill Clinton
EtterfølgjarBarack Obama

George Walker Bush (fødd 6. juli 1946) var presidenten i USA frå 2001 til 2009. Han var tidlegare guvernør i Texas, og er son av tidlegare president George Bush.

Bush vart fødd i Connecticut, men voks opp i Texas. Han vart etter eit særs jamt val utpeika som president i 2001. Høgsterett i Sambandsstatane avgjorde at røystene i nokre valkrinsar i Florida ikkje skulle teljast om. George Bush var den andre USA-amerikanske presidenten gjennom tidene som var son av ein tidlegare president.

Som president har han mellom anna stått i spissen for USA sin invasjon av Afghanistan, støtta av NATO. Taliban-regimet vart skifta ut. Det vert arbeidd med å innføra eit demokratisk styresett.

Bush sette òg i gang ein invasjon av Irak for å fjerna Saddam Hussein. Invasjonen og okkupasjonen av Irak er mykje omstridd folkerettsleg og politisk.

I den folkelege opinionen i Europa vart George W. Bush rekna for å vera mellom dei minst populære presidentar USA hadde hatt. Han hadde trass i dette stor oppslutnad i USA i periodar, og han vann over utfordraren John Kerry i det amerikanske presidentvalet i 2004. Det var spesielt i sørstatane (som Alabama og Georgia), fjellstatane (som Idaho og Wyoming) og slettestatane (som Nebraska og Kansas) at Bush vann. I nordaust, der det demokratiske partiet tradisjonelt står sterkt, vann ikkje Bush ein einaste stat i 2004. Utover i den andre presidentperioden hans, har han vorte mindre og mindre populær, også blant innbyggjarane i USA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: George W. Bush
Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: George W. Bush


Kjelder[endre | endre wikiteksten]