Forlagssentralen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Forlagssentralen ANS, eigd av forlaga Gyldendal ASA og H. Aschehoug & Co (W. Nygaard) AS med ein halvpart kvar, er ei verksemd på Langhus i Ski kommune som leverer logistikk- og rapporteringstenester til bokbransjen i Noreg. Forlagssentralen står for lagring og utsending av bøker frå forlag til bokhandlarar og private kundar, og forvaltar tingingar og oppgjera mellom forlaga og bokhandlarar. Forlagssentralen driv såleis ei verksemd som femner om fleire forlag enn dei to som eig firmaet.

Soga[endre | endre wikiteksten]

A/S Bokcentralen var den fyrste distribusjonssentralen for bøker i Noreg, skipa i 1922 av bokhandlarar og forlag. Dette var ein felles ekspedisjonssentral som samordna tingingar og utsendingar av bøker. I 1964 vart Forlagsentralen ANS skipa av Gyldendal og Aschehoug som ein sams ekspedisjonssentral for desse to forlaga, og i 1973 gjekk A/S Bokcentralen inn som ein del av denne verksemda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]