Framtidsfylket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framtidsfylket logo

Framtidsfylket er eit norsk føretak[1] som er eit samarbeidsprosjekt mellom bedrifter og det offentlege i Vestland for å rekruttere menneske med høgare utdanning til fylket.

Framtidsfylket ønskjer å vere Sogn og Fjordane si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i 2020 nettstaden framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser. På messene, som vert haldne i Oslo, Bergen og Trondheim, har arbeidsgjevarar frå Vestland stand og marknadsfører seg sjølve overfor potensielle tilflyttarar ved dei største utdanningsinstitusjonane.

Målet med nettstaden framtidsfylket.no er å inspirere fleire potensielle tilflyttarar og heimflyttarar til å sjå etter jobbar i Vestland, samtidig som det skal vere lettare for bedriftene å nå ut til denne gruppa. Portalen formidlar òg informasjon om regionane og kommunane i fylket.

Framtidsfylket er eit samarbeidsprosjekt mellom bedrifter og det offentlege i Sogn og Fjordane. Frå 2020 opphøyrte Sogn og Fjordane som fylke, etter at samanslåinga med Hordaland trådde i kraft. Sidan har Framtidsfylket arbeida for heile Vestland fylke med eit samla mål om rekruttering og auka tilflytting.

Dagleg leiar er i dag Linda Hovland, medan styreleiar er Nandor Helgheim. I dag har dei gjort seg bemerka gjennom drift av Norges største regionale traineeprogram, jobbportal og karrieremesser. Alt dette blir gjort med eit mål om rekruttering og auka tilflytting til Vestland. Gjennom marknadsføring og innhaldsproduksjon av video, tekst og bilete, skal Framtidsfylket inspirere potensielle tilflyttarar og arbeidstakarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Prosjektet starta med nettstaden framtidsfylket.no, som vart oppretta då ni traineear ønskte å formidle det dei sjølve har erfart av positive opplevingar i Sogn og Fjordane. Traineeane var tilsette i Vestlandsforsking, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høyanger Næringsutvikling og Sogn og Fjordane Energi.

Då arbeidet med nettportalen var sluttført, valde vertsbedriftene ovanfor, saman med Hotel Alexandra og Domstein, å stifte selskapet Framtidsfylket AS våren 2008. Sommaren 2009 gjennomførte Framtidsfylket ein emisjon. I 2010 var selskapet eigd av 25 offentlege og private verksemder.

Finansieringa som gjorde prosjektet mogleg frå start kom frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune, NHO Sogn og Fjordane, IT-forum Sogn og Fjordane, Sogn Regionråd, Sunnfjord 2020, Sunnfjord Næringsutvikling og REKOMP-stiftinga.

Eigarar[endre | endre wikiteksten]

Dei fire største eigarane er Framtidsfylket, Accountor Gloppen, Hotel Alexandra, Aurland ressursutvikling (2020).[2] Firmaet har også 527 andre eigarar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Framtidsfylket AS - Førde - Se Regnskap, Roller og mer», www.proff.no, henta 16. april 2020 
  2. «Framtidsfylket AS - Førde - Roller og kunngjøringer», www.proff.no, henta 16. april 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]