François Diday

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stig frå Grimsel til Handeck, 1855

François Diday (10. februar 180228. november 1877) var ein sveitsisk kunstmålar. Han var både fødd og døydde i Genève.

Diday utdanna seg til målar i Paris, og slo seg deretter ned i fødebyen. Han la ut på reiser til Italia, men heldt seg i hovudsak i Sveits. Ganske ofte stilte han ut verk på salongen i Paris, og var tildelt medaljar både i 1840 og 1841. Alexandre Calame og Charles Giron var mellom dei som gjekk i lære hos han. Han testamenterte den store formuen sin, 400 000 francs, til heimbyen Genève.

Måleria hans er prega av storarta utsikter, naturtru framstilling og sikkert val av fargar.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: François Diday