France Gall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
France Gall
France Gall.png
Fødd9. oktober 1947
Fødestad12. arrondissement i Paris
Død7. januar 2018 (70 år)
DødsstadNeuilly-sur-Seine
FødenamnIsabelle Geneviève Marie Anne Gall
AliasFrance Gall
OpphavFrankrike
Aktiv1963–1997
Sjangeryé-yé, pop
Instrumentvokal
PlateselskapWarner Music Group, Universal Music France, Atlantic Records, Universal Music Group, Philips Records, Decca Records
Verka somsongar
MorCecile Berthier
FarRobert Gall
Gift medMichel Berger
Sambuar medClaude François, Julien Clerc, Bruck Dawit
BornRaphaël Hamburger, Pauline Hamburger
PrisarRidder av Æreslegionen, offiser av Den nasjonale fortjenstorden, ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Victoires de la Musique – Female artist of the year, Vinner av Eurovision Song Contest

France Gall (fødd Isabelle Geneviève Marie Anne Gall 9. oktober 19477. januar 2018[1]) var ein fransk yé-yé-songar med ein omfattande karriere.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gall var fødd i Paris. Faren var tekstforfattaren Robert Gall. Mora, Cécile Berthier, var dottera til Paul Berthier, medgrunnleggaren av koret Petits Chanteurs à la Croix de Bois. Gall var syskenbarnet til gitaristen Danys Lable og komponisten Vincent Berthier de Lioncourt.

Våren 1963 oppfordra faren ho til å spele inn songar og sende demoane til musikkforleggjaren Denis Bourgeois. I juli same året var ho på ein audition hos Bourgeoius ved Théâtre des Champs-Élysées i Paris, og etter dette ønskte han å skrive kontrakt med ho med ein gong. Gall signerte seinare for Philips Records.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste singlen til Gall, «Ne sois pas si bête», vart spelt på radio for fyrste gong på 16-årsdagen hennar. Han vart gjeven ut i november og vart ein hit. Bourgeois spurde så Serge Gainsbourg om å skriva songar for Gall, og hans «N'écoute pas les idoles» vart hennar andre singel og toppa dei franske listene i mars 1964.

Gall vann Eurovision Song Contest i 1965 for Luxembourg med Gainsbourg-songen «Poupée de cire, poupée de son». Året etter spela ho inn ein ny Gainsbourg-song, «Les Sucettes» ('Slikkepinnane' eller 'Smokkane'). Songane Gainsbourg skreiv for ho var fulle av dobbelttydingar med seksuelle undertonar, men den unge Gall forstod ikkje dette på denne tida. I seinare år kritiserte ho Gainsbourg for å ha utnytta uskylda hennar for å få seg ein god latter, og på 1970-talet slutta Gall å framføre Gainsbourg-songane i konsertane sine.[2]

Blant dei som har skrive songar for ho er Georges Moustaki.

I 1966 flytta Gall til Tyskland, og spelte inn eit album på tysk der. Ein av samarbeidspartnarane hennar på dette albumet var komponisten Giorgio Moroder, som seinare (i 2017) samarbeidde med Daft Punk.[3] Tidleg på 1970-talet flytta Gall attende til Frankrike.[3]

Gall gifta seg i 1976 med den franske songaren og låtskrivaren Michel Hamburger, viss scenenamn var Michel Berger, som ho òg hadde ein suksessrik songkarriere saman med.[3] Paret fekk to barn saman. Ektemannen Michel Berger døydde brått av eit hjarteinfarkt i 1992 og dottera Pauline gjekk bort i 1997, berre 19 år gammal, i cystisk fibrose. Etter bortgangen til mannen og dottera busette Gall seg i Dakar i Senegal.[3]

Gall var involvert i Cœur de Femmes, ein velgjerdsorganisasjon som hjelper heimlause born særleg i land i Afrika.

Ho døydde 7. januar 2018 i Neuilly-sur-Seine.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • «N'écoute pas les idoles» (1964)
  • «France Gall (Mes premières vraies vacances)» (1964)
  • «Sacré Charlemagne» (1964)
  • «Poupée de cire, poupée de son» (1965)
  • «Les Sucettes» (1966)
  • «Baby Pop» (1966)
  • «1968» (1967)
  • «France Gall» (1976)
  • «Dancing disco» (1977)
  • «France Gall Live» (livealbum, 1978)
  • «Starmania» (diverse artistar) (1978)
  • «Paris, France» (1980)
  • «Tout pour la musique» (1981)
  • «Palais des Sports» (livealbum, 1982)
  • «Débranche» (1984)
  • «France Gall òg Zénith» (livealbum, 1985)
  • «Babacar» (1987)
  • «Le Tour de France 88» (livealbum, 1988)
  • «Double jeu» (med Michel Bergar, 1992)
  • «Simple je (Débranchée à Bercy 93)» (1993)
  • «Simple je (Rebranchée à Bercy 93)» (livealbum, 1994)
  • «Pleyel» (livealbum, spelt inn på konsertar i 1994, gjeve ut i 2005)
  • «France» (1996)
  • «Concert public» (live, Olympia 1996) & «Concert privé (Concert acoustique TV M6 1997)» (1997)
  • «Best of France Gall» (samlealbum, 2004)
  • «Évidemment» (samlealbum, 2004)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «La chanteuse France Gall est morte». 7. januar 2018. Henta 7. januar 2018. 
  2. Deluxe, Jean-Emmanuel (2014). Yé-Yé Girls of '60s French Pop. Feral House. ISBN 978-1936239719. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Mort de France Gall: l'Allemagne et le Sénégal, les deux pays où elle a trouvé refuge». Huffington Post. 7. januar 2018. Henta 7. januar 2018.