Frank Fields

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frank Fields
Fødd2. mai 1914
FødestadLouisiana
Død18. september 2005 (91 år)
DødsstadNew Orleans
OpphavUSA
Sjangerjazz
Instrumentkontrabass
Verka sommusikar, jazzmusikar

Frank Nomer Fields (2. mai 191418. september 2005) var ein USA-amerikansk kontrabassist som spelte på mange R&B-, rock and roll- og jazz-innspelingar i New Orleans.

I 1930-åra spelte han med lokale jazzgrupper og med bandleiaren Claiborne Williams.[1] Etter å ha tent i US Navy under andre verdskrigen, vart han med i bandet til Dave Bartholomew som bassist, og vart ein av dei viktige studiomusikarane i Cosimo Matassa sitt J&M Studios i New Orleans, i lag med gitaristen Ernest McLean, trommeslagaren Earl Palmer, pianisten Salvador Doucette og saksofonistane Lee Allen og Red Tyler. Fields spelte på mange tidlege rhythm and blues- og rock and roll-innspelingar i New Orleans, som Fats Domino sin «The Fat Man» (innspelt i 1949), og mange av dei seinare hittane til Domino; Little Richard sin «Tutti Frutti» (1955) og dei seinare innspelingane hans for Specialty; og innspelingar av Professor Longhair, Smiley Lewis, Shirley & Lee, Lloyd Price, Huey «Piano» Smith, Ray Charles og mange andre. Fields var fleire år eldre enn dei fleste musikarane han spelte med.

Han fortsette å arbeide som studiomusikar i New Orleans fram til tidleg i 1990-åra.[2] Han spelte òg med Preservation Hall Jazz Band fram til minst 1994.[1][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]