The Fat Man

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Fat Man
Singel av Fats Domino
A-side «Detroit City Blues»
Utgjeve Desember 1949
Innspelt J&M Studio; 10. desember 1949
Sjanger Rock and roll, boogie-woogie
Lengd 2:35
Selskap Imperial
Låtskrivar(ar) Fats Domino, Dave Bartholomew
Fats Domino-kronologi
The Fat Man «Boogie-Woogie Baby»

(1950)


«The Fat Man» er ein song av den amerikanske rhythm and blues-artisten Fats Domino. Han vart skriven av Domino og Dave Bartholomew, og spelt inn 10. desember 1949.[1] Han vert stundom omtalt som den første rock and roll-songen.[2]

Songen vart spelt inn for Imperial Records i Cosimo Matassa sitt J&M studio på Rampart Street i New Orleans i Louisiana den 10. desember 1949. Lew Chudd på Imperial hadde tidlegare bede Dave Bartholomew om å finne eit lokalt populært talent, og vart mest imponert av Fats Domino, som då spelte på ei arbeidarklassebule i byen.

Domino song og spelte piano i lag med Earl Palmer på trommer, Frank Fields på kontrabass, Ernest McLean på gitar og saksofonistane Herbert Hardesty, Clarence Hall, Joe Harris og Alvin «Red» Tyler.

Songen er ein variasjon av den tradisjonelle New Orleans-songen «Junker's Blues» av Drive'em Down, som òg gav melodi til Lloyd Price sin «Lawdy Miss Clawdy» og Professor Longhair sin «Tipitina». «The Fat Man» inneheld eit tydeleg etterslag som dominerer alle instrument på innspelinga. Domino gjer òg scatsynging på eit par av versa og etterliknar ein dempa Dixieland-trompet.

They call, they call me the fat man
Cause I weight two hundred pounds
All the girls they love me
Cause I know my way around

«The Fat Song» av Fats Domino (1949)

Plata vart ein lokal hit i New Orleans jula 1949 og var debutsingelen til Domino. B-sida heitte «Detroit City Blues». Imperial reklamerte med at plata hadde seld 10 000 eksemplar i New Orleans på berre ti dagar, og i januar 1950 vart ein nasjonal hit.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kolanjian, Steve (1990). My Blue Heaven: The Best of Fats Domino - Volume 1 (CD liner notes). EMI. CDP-7-92808-2. 
  2. Unterberger, Richie; Hicks, Samb (1999). Music USA: The Rough Guide. Rough Guides. s. 165. ISBN 185828421X. Henta August 10, 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]