Frans Widerberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frans Widerberg
Frans og Thomas Widerberg (7871105560).jpg
Fødd 8. april 1934
Oslo
Død

7. april 2017
Oslo

Yrke kunstmålar, grafikar

Frans Widerberg (8. april 19347. april 2017)[1]var ein norsk kunstmålar og grafikar.

Frantz Widerberg vart fødd i Oslo. Rundt 1971 forenkla han førenamnet til Frans. I 1951/52 fekk han utdanning i atelieret til Birger Moss Johansen, gammalonkelen sin. Sidan var han elev ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (1953/55), Goldsmith's College School of Art, University of London (1955), Statens Kunstakademi (1957-60).

Han hadde si første separatutstilling i 1963 i Holst Halvorsens Kunsthandel, men målarkunst, akvarellar, teikningar, tresnitt og raderingar. Same året debuterte han på Høstutstillingen, med både målarkunst og grafikk. I 1965 vart han formann i Unge Kunstneres Samfund. I 1967 begynte han å arbeide med litografi, og dette vart sidan den viktigaste kunstnariske uttrykksforma hans.

Widerbergs kunst er karakterisert som nyfigurativ, prega av primærfargar, dvs raudt, gult og blått. Han blandar ikkje fargane med kvitt eller svart, men bruker dei som regel heilt reine og klåre. Typiske motiv hos Widerberg er hestar og ryttarar, innadvendte nakne par og svevande ekstatiske figurar.

Frants Widerberg gifta i 1960 med Aasa Brækka, som òg var elev ved Statens Kunstakademi. Han er far til kunstnaren Nico Widerberg.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Hanna Huglen Revheim (7. april 2017). «Kunstner Frans Widerberg er død». NRK. Henta 7. april 2017.