Franziska Preuß
Franziska Preuß | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 11. mars 1994 (31 år) Wasserburg am Inn |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | VM i skiskyting 2019, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Sprint kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Jaktstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2018 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Fellesstart kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2022 – Normaldistanse kvinner, Skiskyting under Vinter-OL 2014 – Sprint kvinner |
Franziska Preuß (fødd 11. mars 1994) er ein tysk skiskyttar frå Wasserburg am Inn i Bayern. Ho gjekk den andre etappen for det tyske kvinnelaget som vann stafettgull under VM i skiskyting 2015 i Kontiolahti. I den same meisterskapen vann Preuß sølvmedaljen på fellesstarten, året etter sikra ho seg sølv og bronse i ulike stafettøvingar under verdsmeisterskapen i Oslo.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Preuß viste talentet sitt då ho vart trefaldig tysk meister i 2013-sesongen. Under verdsmeisterskapen i Kontiolahti i mars 2015 var ho med om å vinne gull i 4 x 6 km stafett, saman med Franziska Hildebrand, Vanessa Hinz og Laura Dahlmeier. På avslutningsøvinga i meisterskapen, 12, 5 km fellesstart, gjekk Preuß inn til sølv, 6,2 sekundar bakom Valj Semerenko frå Ukraina, ein einsleg bom kosta Preuß gullet, Semerenko skaut feilfritt. Under VM i skiskyting 2016 i Oslo tok Preuß seg av startetappen for dei tyske mannskapa både på mixstafetten og kvinnestafetten. Det tyske mixlaget enda opp med sølv, medan kvinnelaget kom på bronseplassen. I dei olympiske vinterleikane 2018 i Pyeongchang enda ho på fjerdeplassen i 15 km normalprogram, trass feilfri skyting.
Den 20. januar 2019 tok Preuß sin fyrste individuelle siger i verdscupen i skiskyting, med di ho vann fellesstarten under renna i Ruhpolding framfor norske Ingrid Tandrevold.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Franziska Preuß» frå Wikipedia på tysk, den 20. mars 2019.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1994
- Tyske skiskyttarar
- Verdsmeistrar i skiskyting
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland
- Deltakarar under vinter-OL for ungdom 2012
- Tyske deltakarar under vinter-OL 2014
- Skiskyttarar under vinter-OL 2014
- Tyske deltakarar under vinter-OL 2018
- Skiskyttarar under vinter-OL 2018
- Medaljevinnarar under vinter-OL 2022
- Tyske deltakarar under vinter-OL 2022
- Skiskyttarar under vinter-OL 2022
- Deltakarar under VM i skiskyting 2015
- Deltakarar under VM i skiskyting 2016
- Deltakarar under VM i skiskyting 2019
- Deltakarar under VM i skiskyting 2020
- Deltakarar under VM i skiskyting 2021
- Deltakarar under VM i skiskyting 2024
- Deltakarar under VM i skiskyting 2025