Ingrid Tandrevold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingrid Tandrevold

Ingrid Landmark Tandrevold (cropped).jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 23. september 1996
Bærum
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar

Ingrid Landmark Tandrevold (fødd 23. september 1996) er ein norsk skiskyttar frå Bærum i Akershus. Ho vann VM-gull i 4 x 6 km stafett med Noregs lag under VM i skiskyting 2019, ein meisterskap der ho også vann sølvmedaljen i 7,5 km sprint. Tandrevold er medlem i Fossum Idrettsforening.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tandrevold vart norsk meister i normalprogrammet allereie i 2015. Ho deltok i Vinter-OL 2018 i Pyeongchang utan å utmerke seg i dei individuelle tevlingane, men var med å gå Noregs kvinne-stafettlag inn til fjerdeplass. Tandrevold fekk sitt internasjonale gjennombrot i 2019-sesongen. I verdscuptevlingane i Ruhpolding gjekk ho inn til andreplass i fellesstart. Under verdsmeisterskapen 2019 i Östersund slo ho til med to fulle skytehus og andreplass i 7,5 km sprint, slått med 9,7 sekundar av gullvinnar Anastasija Kuzmina frå Slovakia. Ei veke seinare gjekk Tandrevod ein prikkfri andreetappe for det norske vinnarlaget i 4 x 6 km stafett, dei andre verdsmeistrane var Synnøve Solemdal, Tiril Eckhoff og Marte Olsbu Røiseland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]