Hopp til innhald

Fred-René Buljo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fred-René Buljo

Fødd6. februar 1988 (38 år)
FødestadKristiansand
FødenamnFred-René Øvergård Buljo
OpphavNoreg
Aktiv2007–
Sjangerrapping, joik
Instrumentvokal
Verka somsongar, rappar, barnehagelærer, produsent, joiker
FarKlemet Anders Buljo
PrisarÅrets same

Fred-René Buljo (fødd 6. februar 1988) er ein samisk musikar, rappar, joikar og produsent frå Kautokeino i Finnmark. Han er kjend som medlem av gruppa KEiiNO, og før det som medlem i den norsk-samiske rapgruppa Duolva Duottar. Sistnemnde slo gjennom i Nord-Noreg i 2007, og vart nasjonalt kjend året etter, då ho nådde finalen i talentprogrammet Norske Talenter på TV 2.[1]

Sidan Norske Talenter har Buljo turnert i heile Norden og Russland, og jobba både som låtskrivar og liveartist.[2] I 2019 deltok han i Melodi Grand Prix som ein del av gruppa KEiiNO og vann med låten «Spirit in the Sky».[2][3][4] I tillegg til Buljo består KEiiNO av Alexandra Rotan og Tom Hugo. I 2021 deltok gruppa på ny i Melodi Grand Prix, med songen «Monument».

Buljo har òg sete som representant på Sametinget for partiet Árja, fyrst som vararepresentant frå 2013 til 2016, og som sametingsrepresentant og parlamentarisk leiar i perioden 2016–2017.[5] I tillegg har han hatt ein sentral plass i utviklinga av nye nasjonale læreplanar i musikkfaget i den norske grunnskulen på oppdrag av Utdanningsdirektoratet.

  1. ↑ «Riddu Riđđu». Henta 2019-01-25.
  2. 1 2 Hyttebakk, Jon Marius (2019-01-25). «Her er artistene i MGP 2019» (på bokmål). Henta 2019-01-25.
  3. ↑ kulturjournalist, Robert Hoftun Gjestad. ««Å prøve for hardt, er ikke en suksessformel»». Henta 2019-01-25.
  4. ↑ «Keiino er årets MGP-vinner!» (på norsk). Henta 2019-03-02.
  5. ↑ «Fred-Rene Øvergård Buljo». Arkivert frå originalen 2019-01-26. Henta 2019-01-25.