Fred-René Buljo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fred Buljo)
Fred-René Buljo

Fødd1988 (36 år)
FødestadKristiansand
FødenamnFred-René Øvergård Buljo
OpphavNoreg
Aktiv2007–
Sjangerrapping, Joik
Instrumentvokal
Verka sommusikar, songar, rappar, barnehagelærer
FarKlemet Anders Buljo
PrisarÅrets same

Fred-René Buljo (fødd 6. februar 1988) er ein samisk musikar, rappar, joikar og produsent frå Kautokeino i Finnmark. Han er kjend som medlem av gruppa KEiiNO, og før det som medlem i den norsk-samiske rapgruppa Duolva Duottar. Sistnemnde slo gjennom i Nord-Noreg i 2007, og vart nasjonalt kjend året etter, då ho nådde finalen i talentprogrammet Norske Talenter TV 2.[1]

Sidan Norske Talenter har Buljo turnert i heile Norden og Russland, og jobba både som låtskrivar og liveartist.[2] I 2019 deltok han i Melodi Grand Prix som ein del av gruppa KEiiNO og vann med låten «Spirit in the Sky».[2][3][4] I tillegg til Buljo består KEiiNO av Alexandra Rotan og Tom Hugo. I 2021 deltok gruppa på ny i Melodi Grand Prix, med songen «Monument».

Buljo har òg sete som representant på Sametinget for partiet Árja, fyrst som vararepresentant frå 2013 til 2016, og som sametingsrepresentant og parlamentarisk leiar i perioden 2016–2017.[5] I tillegg har han hatt ein sentral plass i utviklinga av nye nasjonale læreplanar i musikkfaget i den norske grunnskulen på oppdrag av Utdanningsdirektoratet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Riddu Riđđu». Henta 25. januar 2019. 
  2. 2,0 2,1 Hyttebakk, Jon Marius (25. januar 2019). «Her er artistene i MGP 2019» (på norsk bokmål). Henta 25. januar 2019. 
  3. kulturjournalist, Robert Hoftun Gjestad. ««Å prøve for hardt, er ikke en suksessformel»». Henta 25. januar 2019. 
  4. «Keiino er årets MGP-vinner!» (på norsk). Henta 2. mars 2019. 
  5. «Fred-Rene Øvergård Buljo». Arkivert frå originalen 26. januar 2019. Henta 25. januar 2019.