Fred Morrison

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fred Morrison

Fødd1963 (61 år)
FødestadBishopton
OpphavSkottland
Instrumentsekkepipe, uilleann pipes, low whistle
Verka sommusikar

Fred Morrison (fødd i 1963) er ein skotsk musikar og komponist.[1][2][3][4] Han var fødd i Bishopton i Renfrewshire. Han har opptredd profesjonelt med skotsk sekkepipe, skotsk lita sekkepipe, border-sekkepipe, Northumbria-sekkepipe og uilleann-sekkepipe og med blekkfløyta low whistle.[3][5]

Morrison har vunne Macallan/MacCrimmon-trofé på Lorient-festivalen ti gonger, ein rekord.[1][6] [7] I tillegg til å verka som solosekkepipespelar, har han spelt med band som Clan Alba og Capercaillie. Albuma hans har fått gode kritikkar.[1][8][9]

I 2004 blei han vald til Årets instrumentalist i Scots Trad Music Awards.[10] Han har elles vunne ei rekkje andre prisar for solospel av skotsk sekkepipe.

Morrison har laga melodiar som er utbreidde blant solo- og folkemusikkspelarar. Nokre av dei er «Passing Places», sett saman av ein livleg hornpipe og ein sakte low whistle-air inspirert av togturar som Morrison gjorde over heile Storbritannia, «Living Uist», «The Lochaber Badger» og strathspeyen «Seonaidh's Tune», som han skreiv for sonen sin.

Morrison er òg grunnleggaren og designaren av Fred Morrison Pipes,[11] eit merke som produserer skotsk sekkepipe, bordersekkepipe og skotsk lita sekkepipe.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum
  • The Broken Chanter (1993)
  • The Sound of the Sun (2000)
  • Outlands (2009)
Fred Morrison og Jamie McMenemy
  • Up South (2003) [9]
Fred Morrison Trio
  • Live at the Glasgow Royal Concert Hall (2015)
Ulike artistar med Fred Morrison
  • Celtic Colours (1998)
  • Piping Up (2000)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Fergus, Ewan (6. desember 2012). «Fred set to pipe up for city show». Evening Times (Glasgow). s. 37. 
  2. Mackenzie, Carol-ann (29. november 2012). «Composer to pipe up at gig». Aberdeen Evening Express. s. 12. 
  3. 3,0 3,1 «Piper Fred among class line-up». Aberdeen Press and Journal. 2. mai 2002. s. 6. 
  4. «Mr. Fred Morrison - Oa Hall Of Fame». Henta 26. september 2023. 
  5. «Top piper Fred blows into town». Paisley Daily Express. 9. mars 2010. s. 9. 
  6. «Fred wins Lorient's MacCrimmon Trophy». 
  7. McKay, Fiona (30. juli 2012). «Seonaidh makes a meal of mountain charity bid». Evening Times (Glasgow). s. 16. 
  8. «World-class piper heads for Longniddry night out». Evening News (Edinburgh). 5. desember 2011. s. 17. 
  9. 9,0 9,1 Adams, Rob (27. juni 2003). «Music Fred Morrison and Jamie Mcmenemy, Edinburgh folk club». The Herald (Glasgow). s. 21. 
  10. Gilchrist, Jim (4. januar 2005). «Morrison Still Doing it his Way...'I Love to See the Pipes Played in a Wild and Raunchy Kind of Way'». The Scotsman. s. 26. 
  11. «Fred Morrison Pipes - www.fredmorrisonpipes.com».