Freden i Åbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart frå 1747

Freden i Åbo var ein fredsavtale mellom Det russiske riket og Sverige etter den russiske svenske krigen i 1741-1743. Avtalen blei underskriven i Åbo den 7. august 1743.

Mot slutten av krigen okkuperte den russiske hæren det meste av Finland og dette fekk feltmarskalk Trubetskoj og kanslar Aleksej Bestuzjov til å krevje at uti possidetis-prinsippet skulle oppfyllast. Ved å krevje Finland trakta dei russiske styresmaktene å flytte den svenske landegrensa langt lenger nord og dermed redusere faren for eit svensk åtak på den russiske hovudstaden St. Petersburg. I hop om å oppnå sjølvstende tilbaud lantdagen i Finland trona deira til hertug Peter av Holsten-Gottorp, den russiske kronprinsen.

Eit anna parti i det russiske hoffet representerte den pro-svenske grev Lestocq og Peter sine slektningar frå Holstein, som føreslo å gje Finland tilbake til svenskane mot at onkelen hans, Adolf Fredrik av Holstein-Gottorp, vart vald som arving til den svenske trona. Tsarina Elisabeth av Russland gav støtte til sistnemnd, fordi hennar framtidige ektemann, bror til Adolf Fredrik, hadde døydd nokre månader før bryllaupet skulle finne stad (i juni 1727).

Resultatet av avtalen var at Sverige avstod områda aust for Kymmene elv til Russland med festninga Olofsborg og byane Vilmanstrand og Frederikshamn. Dermed vart den svenske grensa flytta nordover, som Bestuzjov ønskte. Samstundes avtalte Sverige å velje Adolf Fredrik som kronprinsen sin. Dette gjorde at landet kom i fare for krig mot Danmark-Noreg, og Austersjøflåten vart flytta til Stockholm for å verne den svenske hovudstaden mot eit dansk åtak. Områda vart innlemma i Vyborg gubernija.

Etter avtalen tok Russland kontroll over den sørlege delen av Karelen, men Elisabeth garanterte religion, eigedomar, lover og privilegia til innbyggjarane i dei nye russiske områda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]