Frederik Collett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frederik Collett

Fritz Thaulow: Frederik Collett, 1875
Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. mars 1839
Christiania
Død

19. april 1914 (75 år)
Lillehammer kommune

Yrke kunstmålar
Frederik Collett på Commons

Frederik Jonas Lucian Bothfield Collett (25. mars 183919. april 1914) var ein norsk målar frå Christiania, mest kjend for sine vinterbilete frå Lillehammer.

Collett var soneson til den leiande embetsmannen Jonas Collett. Sjølv byrja han på sjøkrigsskulen, men braut av og reiste til sjøs i fleire år, tok styrmannseksamen i 1858. På 1860-talet gjekk han i målarlære hos Hans Gude i Düsseldorf.

Kystlandskap med robåt, 1884

Kring 1873 orienterte han seg mot Paris, budde i byen fleire vender i siste halvdel av 1870-åra. Særleg var det verk av barbizon-målarane Camille Corot og Charles-François Daubigny og snømålaren Émile Breton som kom til å påverke Collett.

Frå 1886 til han døydde brått på ein søndagstur ved Lillehammer i 1914, budde Collett i byen og måla vintermotiv i ein tilnærma naturalistisk stil. Hovudverket Ved Mesnas utløp frå 1891 er eit godt døme på dei stemningsmetta arbeida hans. Collett var ugift rentenist, og den sikre økonomien gjorde at han kunne reise til ulike stader med ulike motiv, men ofte same stadene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]