Jonas Collett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jonas Collett

Statsborgarskap Noreg
Fødd 25. mars 1772
Næstved, Rønnebæksholm
Død

3. januar 1851 (78 år)
Christiania

Yrke politikar, Fylkesmann, jurist
Jonas Collett på Commons

Jonas Collett (fødd 25. mars 1772 på Rønnebæksholm i Næstved, Danmark, død 3. januar 1851 i Kristiania)[1] var ein norsk embetsmann og statsråd, og ein av dei som sette eit sterkt preg på statsforvaltninga i Noreg i si samtid.[2]

Bakgrunn og familie[endre | endre wikiteksten]

Grava til Jonas Collett på Vår Frelsers gravlund i Oslo

Collett var son av kammerråd Johan Collett (1734–1806) og Else Elisabeth Ramus Jensen (1746–88), bror av Peter Collett (1767–1823) og eidsvollsmannen Johan Collett. Faren var eigar av godset Rønnebæksholm på Sjælland, men solgte det i 1777 og familien flytta til København.[1] Collett studerte ved Københavns Universitet og vart cand.jur. i 1793.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1795 vart han utnemnd til fut i Numedal og Sandsvær og kom til Kongsberg året etter. Han vart konstituert amtmann i Buskeruds amt i 1813-14. I 1814 deltok han på stormannsmøtet på Eidsvoll den 16. februar. Saman med Niels Aall leia han forhandlingane med den svenske generalen Magnus Björnstjerna som resulterte i Mossekonvensjonen.[3]

Frå 1814 og framover hadde han ei rad sentrale roller i den norske forvaltninga og regjeringa og han vart formann for regjeringa - førstestatsråd - i 1822.[4]

Dekorasjonar[endre | endre wikiteksten]

Collett vart tildelt Dannebrogordenen i 1809. I 1815 fekk han Nordstjerneordenen og vart kommandør av denne ordenen i samband med kroninga av Karl III Johan i 1818. I 1825 vart han utnemnd til Serafimerridder.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]