Frederik Prytz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frederik Prytz
Frederik Prytz.jpg
Fødd 14. februar 1878
Christiania
Død

19. februar 1945

Yrke politikar
Frederik Prytz på Commons

Anton Frederik Winter Jakhelln Prytz (14. februar 187819. februar 1945) var ein norsk forretningsmann, offiser og politikar for det nazistiske partiet Nasjonal Samling (NS). Han var sentral i NS-rørsla frå grunnlegginga i 1933, og frå 1942 fram til han døydde var han statsråd i Quisling si «nasjonale» NS-regjering og sjef for Finansdepartementet.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Frederik Prytz var son til presten Anton Frederik (Fritz) Winter Jakhelln Prytz (1853–1937) frå Oslo og kona hans Milda Dorothea Olsen frå Nordland. Gullsmeden, arkitekten og statsråden Torolf Prytz var onkelen til Frederik Prytz. Gullsmeden Eiler Hagerup Krog Prytz var bror hans.[1] Slekta Prytz hadde tilknyting til Nordland og kom frå bergverksfolk på Røros.

Yrkeskarriere og politisk virke[endre | endre wikiteksten]

Fredrik Prytz (i bowlerhatt), dåverande fylkesmann i Sør-Trøndelag, med NS-føraren Quisling (i filthatt) og ei gruppe hirdmenn på Torvet i Trondheim i november 1941. Prytz vart finansminister i Quisling si «nasjonale regjering» 1942–1945.
Propagandafoto: Frå samlingane til Riksarkivet

Frederik Prytz vart ein nær ven av Vidkun Quisling, føraren i NS, under den russiske revolusjonen i 1917, då dei begge var stasjonerte ved den norske legasjonen i Petrograd. Han dreiv skogbruk i Russland i stor skala, noko han tente gode pengar på. I 1920-åra flytta Prytz tilbake til Noreg for godt, der han heldt fram som forretningsmann og kjøpte Storfosen gods i Trøndelag.

Frederik Prytz engasjerte seg i norsk politikk og heldt ein klår avstand til kommunismen. Prytz var truleg med og påverka dei nazistiske ideane til Quisling. Prytz var med på å skipa Nasjonal Samling,[1] og var sentral i partiet frå etableringa i 1933.

Under den andre verdskrigen var Frederik Prytz fylkesmann i Sør-Trøndelag og sjef for Finansdepartementet i perioden 1942–1944. Prytz var ikkje antisemitt, og mislikte jødepolitikken under krigen. Han var «anglofil» og hadde kjennskap til skjebnen til jødane etter deportasjonen, truleg ved at han høyrde på BBC.[2]

Prytz mottok ei revidert utgåve av Storkrossen av St. Olavs Orden frå Quisling personleg på dødsleiet sitt. Under krigen gav Quisling ut ordenar med modifiserte ordensinsignium. Desse var rivaliserande tildelinger til dei kong Haakon gjorde frå London. Tildelinga til Prytz er seinare ikkje offisielt godkjent.

Prytz døydde av kreft i februar 1945 (før verdenskrigen var over), og etterlét seg enke og barn. Han er gravlagd i Oslo.

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Omkring 9. april 1940, Stenersen, 1942[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på Frederik Prytz i Wikipedia på bokmål, utgåva frå 12. november 2018

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Magne Skodvin (27. april 2017). «Frederik Prytz». Store norske leksikon. 
  2. Dahl, Hans Fredrik (1992). Vidkun Quisling : En fører for fall. Aschehoug. ISBN 8257409782. 
  3. «IDAG». Aftenposten. 23. februar 1942. s. 3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]