Fredrik Monsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik Monsen

Fødd27. april 1878
Christiania
Død31. januar 1954 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (1923), Norges Kommunistiske Parti (1923; 1927), Arbeidarpartiet (1927; 1954)
Yrkepolitikar, redaktør, lærar
BarnPer Monsen, Randi Monsen
Alle verv

Christian Fredrik Monsen (27. april 187831. januar 1954) var ein norsk lærar og politikar, fødd i Kristiania. Han var stortingsrepresentant frå 1922 til 1949, forsvarsminister 1935-39 og og stortingspresident 1945–49.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Monsen tok eksamen ved lærarskulen på Hamar i 1898. Han arbeidde i folkeskulen i Hamar kommune frå 1903, skuleinspektør i Hamar frå 1934 til -41. Åra 1913-16 redigerte han avisa Demokraten (Hamar Arbeiderblad) på Hamar. I alle år frå 1907 til 1945 var han medlem av bystyret på Hamar, ordførar 1917-19, borgarmeister 1919-22.

Hausten 1921 vart Monsen vald inn på Stortinget for Det norske Arbeidarparti i krinsen Hamar, Kongsvinger, Lillehammer og Gjøvik. Ved partisplittinga i 1923 fylgde Monsen og partimiljøet på Hamar over i det nyskipa Norges Kommunistiske Parti. Fram til utgangen av tingbolken 1925-27 representerte Monsen NKP på Stortinget, melde seg innatt Det norske Arbeiderparti framom stortingsvalet 1927.

Monsen var forsvarsminister i den kortliva Hornsrud-regjeringa vinter 1928. Dei neste åra var han ein klår talsmann for nedrustning og avvæpning av militærstellet, var mellom anna hovudmannen bak eit Arbeidarparti-forslag «om avskaffelse av militærvesenet og opprettelse av et civilt grenseoppsyn» i 1932. Då Johan Nygaardsvold danna regjering våren 1935 vart Monsen sjef i Forsvarsdepartementet, eit verv han hadde til 1939. Nå arbeidde Monsen for opprusting av forsvaret. Sommaren/hausten 1945 var han parlamentarisk leiar for Arbeidarpartiet si stortingsgruppe. Etter stortingsvalet 1945 sat han som stortingspresident i tida frå desember 1945 til januar 1949. I same perioden fram til utgangen av 1949 var han medlem av utanrikskomiteen og formann i valkomiteen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Sannheten om militærvesenet, Oslo 1928
  • Avvæbning eller militarisme, Oslo 1930
  • Småkårsfolkets linje i gjelds- og skattespørsmålet, Oslo 1931
  • Militært vanvidd eller civil fornuft. En redegjørelse for det Norske arbeiderpartis forslag om avskaffelse av militærvesenet og opprettelse av et civilt grenseoppsyn, Oslo 1932
  • Quislingsaken. En dokumentasjon og redegjørelse, Oslo 1932

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Vidar Eng: Fra antimilitarist til forsvarsminister. Fredrik Monsen og 1930-tallet. Oplandske Bokforlag 2018.