Fredrik Stillman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik Stillman
Statsborgarskap Sverige
Fødd 22. august 1966 (57 år)
Jönköping
Idrett ishockey
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994

Fredrik Stillman (fødd 22. august 1966) er ein svensk tidlegare ishockeyspelar frå Jönköping. Han vann VM-gull med Sverige i 1991 og 1992 og OL-gull i 1994.

Stillman var forsvarsspelar på HV 71 frå 1985 til ein akselskade i 2000 gjorde det umogleg for honom å halde fram som aktiv spelar. Bortsett frå sesongane 1995/96 og 1999/2000, då han spelte på Berlin Capitals i den tyske ishockeyserien, har han gjort teneste i HV 71. I 1995 var han med då HV 71 vart svensk meister for aller fyrste gong. Stillman stod gjennom åra bak 197 assist-pasningar og sanka totalt 287 poeng for klubben. Etter han slutta spele for HV 71, har han vore trenar og seinare sportssjef.

Med det svenske landslaget vart Stillman verdsmeister i Finland i 1991 og i Tsjekkoslovakia året etter. Høgdepunktet med Tre Kronor kom då Sverige vann den olympiske ishockeyfinalenLillehammer i 1994. Elles sanka Stillman VM-sølv i 1993 og på heimebane i 1995, samt VM-bronse i 1994. Gjennom åra deltok han i 156 landskampar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]