Friheten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Avisa Friheten
Frihetenlogo.gif
Frihetens avishode, fra det første trykte eksemplar, nr. 25 1942. Klisjéen som skulle brukes gikk i stykker under første trykk, og et nytt måtte skjæres med kniv i bly - under tidspress. Det brukes ennå.
TypeFjortendagleg
FormatTabloid
GrunnlagdSeptember 1941
UtgjevarNKP
Redaktør(ar)Harald Øystein Reppesgaard
Politisk tilknytingOrgan for NKP
Opplag3 240 (2011)
HovudkvarterHelgesens gate 21 i Oslo.
Nettstadhttp://www.friheten.no
Skilt ved redaksjonslokala til Friheten i Helgesens gate i Oslo

Friheten er ei avis utgjeven annakvar veke av Norges Kommunistiske Parti (NKP).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Friheten vart etablert som illegal avis i oktober 1941. Avisa kom kvar veke fram til 1944, deretter sjeldnare inntil frekvensen steig mot slutten av krigen. Friheten vart truleg trykt i til saman 2 millionar eksemplar under andre verdskrig, med eit opplag hausten 1944 på vel 20 000.

Frå mai 1945 vart Friheten dagsavis, og erstatta Arbeideren som hovudorganet til NKP. Hausten var opplaget mellom 130 000 og 170 000. På denne tida var avisa ei kort stund den nest største i landet. Nedgangen kom raskt, mellom anna fordi avisa måtte leggja om frå morgonavis til ettermiddagsavis da Arbeiderbladet ikkje lenger ville trykkja avisa. Alt i 1947 var opplaget nede i 30 000.

Oppslutninga om NKP fall, og det gjorde også interessa for Friheten, som var dagsavis fram til 1967. Avisa vart så ei vekeavis fram til 1977, då avisa byrja å koma to gonger i veka. Hausten 1989 kom den neste krisa og talet på utgjevingar gjekk ned til ei i veka. I 1992 mista avisa pressestøtta på grunn av at dei hadde problem med at ho ikkje vart gjeve ut ofte nok. Dette førte til at Friheten gjekk konkurs. Ein annan grunn til krisa i avisa var ein strid mellom leiinga i NKP og redaktøren i Friheten om avisa skulle vera eit partiorgan eller fylgje ei meir sjølvstendig line. Friheten heldt fram med sporadiske utgjevingar, til dels som månadsavis. Avisa opplevde ei gjenoppliving då ho fekk pressestøtte att frå 1996, og har kome ut som vekeavis til no. Produksjonen av avisa er for det meste dugnadsarbeid.

Nettutgåva av Friheten vart etablert i 1998. Opplaget på papiravisa ligg på rundt 1500 eksemplar. Ansvarleg redaktør er Harald Reppesgaard (2010).

Redaktørar[endre | endre wikiteksten]

Nettredaktørar[endre | endre wikiteksten]

  • Hans Berger 1998-2004
  • Willy Similä 2004-2006
  • Øyvind Haraldsvik 2007-2009
  • Petter Sandvik 2009-

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]