Fritz Kreisler
Fritz Kreisler | |
![]() | |
Fødd | 2. februar 1875 |
---|---|
Fødestad | Wien |
Død | 29. januar 1962 (86 år) |
Dødsstad | NewYork–Presbyterian Hospital, New York by |
Opphav | Austerrike, Austerrike-Ungarn, USA |
Aktiv | 1903–1962 |
Sjanger | opera, klassisk musikk |
Instrument | fiolin |
Plateselskap | RCA Victor |
Verka som | komponist, fiolinist |
Prisar | Ehrenring der Stadt Wien, Royal Philharmonic Societys gullmedalje, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Fritz Kreisler (2. februar 1875–29. januar 1962), opphavleg namn var Friedrich Kreisler, var ein fiolinist og komponist av austerriksk avstamming. Han vart fødd i Wien av romersk-katolsk mor og jødisk far og døydde i New York i USA som statsborgar av dette landet. Dei mest kjende verka hans er «Liebesleid» og «Liebesfreud» for fiolin og piano.
Fritz Kreisler var ein gåverik gut som vart elev ved Konservatoriet i Wien (Konservatorium der Gesellschaft der Musikfreunde) allereie i 1882 som sjuåring, og vart uteksaminert med gullmedalje som tiåring. Han reiste deretter til Paris for vidare studiar og musikalsk arbeid. I 1887 vann han den høgste utmerkinga, fyrsteprisen, ved Konservatoriet i Paris i ein alder av berre 12 år. Som 14-åring reiste han på sin fyrste turné til USA saman med den amerikansk-austeriksungarske pianisten Moriz Rosenthal. Etter å ha kome attende til Europa, studerte han kunst og medisin (faren hans var lege), og var eitt år i den austerrikske hæren. Men musikken var likevel hans hovudinteresse og yrke, og han tok opp den musikalske karrièren att med ein turné til Russland i 1896.
I 1898 vart han godt motteke i Berlin i Tyskland og var der til han returnerte til USA i 1900. I 1902 gjesta han Storbritannia for fyrste gong. Dette var òg året då han gifta seg med Harriet Lies.
Etter å ha vore ei tid i USA, slo han seg i 1924 ned i Berlin. Men frå 1933 ville han ikkje arbeide i Tyskland. Han vart fransk statsborgar frå 1938 før han reiste for godt til USA, og der fekk han amerikansk statsborgarskap i 1943.
Kreisler var den siste komponerande «fiolinhelt»-virtuosen som reiste på store konsertturnear og spelte sine eigne komposisjonar. Andre kjente fiolinistar i same tradisjonen er italienske Niccolò Paganini (1782–1840) og norske Ole Bull (1810–1880).