Fritz Walter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fritz Walter
Fritz Walter cropped.JPG
Fødd 31. oktober 1920
Kaiserslautern
Død

17. juni 2002
Enkenbach-Alsenborn

Fritz Walter på Commons

Friedrich Walter (31. oktober 192017. juni 2002), kjend som Fritz Walter, var ein tysk fotballspelar frå Kaiserslautern. Han var kaptein på Vest-Tyskland sitt landslag som vann VM i fotball 1954.

Fritz Walter den 7. oktober 1956

Indreløparen Fritz Walter spelte på FC Kaiserslautern frå 1938 til 1959. Med laget frå heimbyen vart han tysk meister i 1951 og 1953, etter finalsigrar over høvesvis Preußen Münster og VfB Stuttgart.

Walter debuterte på det tyske landslaget i juli 1940 og deltok i 24 landskampar i tida fram til november 1942. Tysklands landslag var dei åra eit nazi-lag som omfatta både Tyskland og Austerrike. Han spelte sin 25. landskampa i april 1951. Då Vest-Tyskland tok seg heilt til finalen i fotball-VM 1954 og stod for «Miraklet i Bern», var Walter kaptein på laget. Den 24. juni 1958 spelte han sin 61. og siste landskamp i Göteborg, ein semifinale i VM i fotball 1958 som vertslandet Sverige vann med 3-1. Walter skåra i alt 33 landslagsmål, 19 av dei for Nazi-Tyskland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]