VM i fotball 1958

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdsmeisterskapen i fotball 1958 vart avvikla i Sverige i tida 8. til 29. juni 1958. Brasil vart verdsmeister etter å ha slått Sverige 5-2 i finalen. Just Fontaine skåra 13 mål i turneringa og sette ein målrekord som ingen har makta overgå. Meisterskapen vart det store gjennombrotet for Pelé.

Turneringsformatet var endra frå 1954. Framleis deltok 16 land, fordelt på fire innleiingsgrupper, men no skulle alle laga i gruppa spele mot kvarandre, utan ekstraomganger ved uavgjort resultat. Dersom to lag enda med like mange poeng, skulle det spelast omkampar for å avgjere kva lag som skulle gå vidare til kvartfinalane.

I Gruppe D vart det spelt omkamp mellom Sovjetunionen og England, og Anatolij Iljins mål i det 67. minutt sikra kvartfinaleplass for Sovjetunionen. Det måtte også spelast omkampar i gruppe A, der Nord-Irland slo Tsjekkoslovakia, og i gruppe C, Wales vann over Ungarn og gjekk vidare.

Sveriges Kurt Hamrin (7) utfordrar målvakta Gylmar dos Santos Neves under VM-finalen 29. juni

Gruppespelet[endre | endre wikiteksten]

Gruppe A[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Flagget til Vest-Tyskland Vest-Tyskland 3 1 2 0 7–5 2 4
2 Flagget til Nord-Irland Nord-Irland 3 1 1 1 4–5 −1 3
3 Flagget til Tsjekkoslovakia Tsjekkoslovakia 3 1 1 1 8–4 4 3
4 Flagget til Argentina Argentina 3 1 0 2 5–10 −5 2

Gruppe B[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Flagget til Frankrike Frankrike 3 2 0 1 11–7 4 4
2 Flagget til Jugoslavia Jugoslavia 3 1 2 0 7–6 1 4
3 Flagget til Paraguay Paraguay 3 1 1 1 9–12 −3 3
4 Flagget til Skottland Skottland 3 0 1 2 4–6 −2 1

Gruppe C[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Flagget til Sverige Sverige 3 2 1 0 5–1 4 5
2 Flagget til Wales Wales 3 0 3 0 2–2 0 3
3 Flagget til Ungarn Ungarn 3 1 1 1 6–3 3 3
4 Flagget til Mexico Mexico 3 0 1 2 1–8 −7 1

Gruppe D[endre | endre wikiteksten]

# Lag K S U T Mål ± P
1 Flagget til Brasil Brasil 3 2 1 0 5–0 5 5
2 Det sovjetiske flagget Sovjetunionen 3 1 1 1 4–4 0 3
3 Flagget til England England 3 0 3 0 4–4 0 3
4 Flagget til Austerrike Austerrike 3 0 1 2 2–7 −5 1

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart spelt på Råsunda stadion i bydelen Solna. 49 737 tilskodarar var vitne til at Sverige tok leiinga etter fire minuttar ved Nils Liedholm. Brasil kom snøgt tilbake, og Vava skåra to mål før pausa. I andre omgang var Pelé den store spelaren med to mål for Brasil, det siste i sluttsekundane, etter at Agne Simonsson hadde redustert til 2-4 i det 80. minutt. Sluttresultatet vart 5-2 til Brasil, som for fyrste gong kunne løfte Jules Rimet-pokalen.

Brasil sitt vinnarlag bestod av: Gylmar dos Santos Neves, Djalma Santos, Orlando Peçanha, Hilderaldo Bellini, Nílton Santos, Zito, Didi, Garrincha, Vavá, Pelé og Mario Zagallo.

Sveriges lag i VM-finalen

Sveriges mannskap bestod av: Kalle Svensson, Orvar Bergmark. Sigvard Parling, Bengt Gustavsson, Sven Axbom, Reino Börjesson, Kurt Hamrin, Gunnar Gren, Agne Simonsson, Nils Liedholm (kaptein) og Lennart Skoglund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]