Fugløya i Kristiansund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Fugløya er ei øy som ligg i Bolgsvaet mellom Freiøya og Nordlandet i Kristiansund kommune. Arealet er på 220 daa.

Freding og kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Fugløya var planlagt innlemma i ei utbygging av industriområdet på Husøya i tidlegare Frei kommune. Øya vart, etter ein folkeaksjon i kommunen, kåra til kulturminne for kommunen i kulturminneåret 1997 og vart samstundes freda.[1].

Formannskapet i Frei kommune prøvde å sette resultatet av avstemminga til side, og vedtok i staden å kåre Rastarkalv til kommunen sitt kulturminne. Dette vedtaket vart overprøvd av sekretariatet i kulturminnestafetten, som slo fast at det var kommunen sine innbyggjarar som skulle avgjere .[2]. Øya vart òg vald til kulturminne for Møre og Romsdal fylke.

Busetnad[endre | endre wikiteksten]

Øyen er i dag ikkje busett, men i mange år budde brørne Frank og Roald Thoresen på øya og dreiv med tradisjonelt fiske. Eit portrettprogram med brørne har vore sendt på TV Nordmøre.

Fugleliv[endre | endre wikiteksten]

Fugløya var rekna som den viktigaste hekkeplassen for sjøfugl i Frei, og i 1998 hekka mellom 150 og 200 fiskemåsepar her saman med 20-30 par rødnebbterner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kulturminnestafetten - Folkets kulturminner - en presentasjon av 429 valgte kulturminner». riksantikvaren.no. Henta 20. mars 2007. 
  2. «Nekter å underskrive kulturminnedokument». Radio 1 Index Nordvest. 24. juli 1997. Henta 20. mars 2007. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]