Fuglekonge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fuglekonge


Fuglekonge.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Regulidae
Slekt: Regulus
Art: R. regulus
Vitskapleg namn
Regulus regulus

Fuglekongen (Regulus regulus) er minste fuglen i Europa, og veg mellom 4,5 og 6g. Det latinske namnet «Regulus», 'liten konge', heng truleg saman med at hannen har ei oransjegul stripe på issen, ei «kongekrone» som syner godt når fjøra på hovudet reiser seg som ein topp. Fuglekongen høyrer til fuglekongefamilien, Regulidae.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Fjørdrakta er gulgrøn, med litt svart og litt kvitt på vengene. Hannen har gul og oransje isse med svarte kantar, medan hoa har gul isse. Nebbet er kort og spisst og blir brukt til å plukka insekt frå borken av tre. Fuglekongen kan bli opptil 3 år og 4 mnd. etter ringmerking.[1]

Song[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein spinkel og einsformig strofe som nesten ikkje kan høyrast når andre fuglar syng. Under songen reiser fuglekongen hovudfjørene, og då ser ein hannen si oransjefarga issefjør som er kanta av to svarte striper.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Fuglen hekkar i mars–april. Hoa legg 8– 11 egg som blir klekte etter 14— 17 døgn. Dei dreg frå reiret etter om lag tre veker.

Reiret byggjer fuglen vanlegvis høgt oppe i eit grantre. Det er korgforma, og heng på undersida av ei grein, godt skjult (sjå bilde). Reiret er svært vanskeleg å oppdage, men her er eit tips: Veit du om lag kvar fuglen byggjer reir, kan du legge ut nokre fine fjør og dun i området og spionere på fuglekongen i byggjeperioden. Han vil nok bruke det du har lagt ut, og du finn reirplassen.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Fuglekongen er ein aktiv og selskapeleg fugl. Han lever i små flokkar, ofte saman med meisar. Han flyg frå tre til tre og leiter etter mat medan han held kontakten med andre fuglar i flokken med tynne pip. I meisetoga finn fuglekongen og svartmeisa maten i ytre delen av greinene medan dei større artane finn føda lengre inne.

Fuglen et edderkoppar, insekt som spretthalar og bladlus, larvar og insektegg som han plukkar frå greiner og bork oppe i tretoppane. Også kokongar frå leddyra vert etne. I sjeldnare tilfelle et han pollenkorn. Måten han flyg på minner litt om ein kolibri — han kan nemleg halda seg flygande framfor ei grein i fleire sekund.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fuglekonge

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk RingmerkingsAtlas