Hopp til innhald

Funny Girl av Laura Rizzotto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Funny Girl»
Song av Laura Rizzotto

Land Latvia
Språk Engelsk
Utgjeve 10. januar 2018
Lengd 03:03
Komponist Laura Rizzotto
Tekstforfattar Laura Rizzotto
Låtskrivar(ar) Laura Rizzotto

«Funny Girl» (norsk 'morosam jente') er ein song frå 2018 med den latvisk-brasilianske songaren Laura Rizzotto. Songen vann den latviske songtevlinga Supernova 2018 og var det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2018 i Lisboa.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Funny Girl» er skriven av Laura Rizzotto.[1]

«Funny Girl» var eitt av 21 bidrag i den latviske songtevlinga Supernova 2018, arrangert av kringkastaren Latvijas Televīzija.[2] «Funny Girl» vann den tredje semifinalen laurdag 17. februar 2018 kvalifiserte seg til finalen 24. februar.[3] I finalen fekk songen flest røyster av sjåarane og juryen og vann tevlinga.[4][5] Gjennom sigeren blei «Funny Girl» det latviske bidraget til Eurovison Song Contest 2018.[6]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I januar 2018 blei Latvia trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest.[7] Semifinalen blei arrangert i Altice Arena i Portugal torsdag 9. mai, og Latvia hadde startnummer 10.[8] «Funny Girl» enda på 12. plass i semifinalen, berre 5 poeng bak 10. plassen, og var dimed ikkje kvalifisert til finalen laurdag 12. mai.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Laura Rizzotto». eurovision.tv. Henta 19. april 2024. 
  2. Weaver, Jessica (10. desember 2017). «Latvia: Supernova 2018 participants revealed». esctoday.com. Esctoday. Henta 6. desember 2017. 
  3. «Not two but three acts added to Supernova final!». eurovision.tv. Henta 19. april 2024. 
  4. «Šogad Latviju Eirovīzijā pārstāvēs Laura Rizzotto» (på latvisk). LSM. 25. februar 2018. Henta 25. februar 2018. 
  5. Mercereau, Damien (9. mars 2018). «2018 : Laura Rizzotto, la touche brésilienne de la Lettonie» (på fransk). Le Figaro. Henta 10. mars 2018. 
  6. «Not just a 'Funny Girl' — it's Laura Rizzotto for Latvia». eurovision.tv. Henta 19. april 2024. 
  7. Jordan og Zwart, Paul og Josianne (29. januar 2018). «Which countries will perform in which Semi-Final at Eurovision 2018?». eurovision.tv. Henta 29. januar 2018. 
  8. «Eurovision 2018: Semi-Final Allocation Draw Details Revealed - Eurovoix». Eurovoix (på engelsk). 12. januar 2018. Henta 20. januar 2018. 
  9. «Eurovision Song Contest 2018 – deltakere i semifinale 2». eurovision.tv. 12. mars 2018. Arkivert frå originalen 12. mai 2018. Henta 12. mars 2018.