Le Figaro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Le Figaro
Mihail Simonidy - Le Figaro01.jpg
Le Figaro. Plakat av Mihail Simonidy frå rundt 1900.
Format berliner
Grunnlagd 15. januar 1826
Redaktør(ar) Marc Feuillée (Directeur de la Publication)
Alexis Brezet (Rédacteur en chef)[1]
Språk fransk
Opplag 335 845[2]
Nettstad www.lefigaro.fr

Le Figaro er ei fransk dagsavis som kjem ut i Paris. Ho blei grunnlagd i 1826 og kom ut jamleg frå 1854, og er den eldste avisa i Frankrike. Le Figaro er politisk høgreorientert og konservativ.[3] Sidan 2004 har avisa tilhøyrd Serge Dassault, ein forretningsmann og konservativ politikar, gjennom selskapet Socpresse.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Le Figaro blei grunnlagd 15. januar 1826 under kong Karl X som eit vittig sladreblad knytt til kulturlivet. Figaro er hovudpersonen i tre skodespel av Beaumarchais (seinare gjort kjend i operaer av Mozart). I Le Mariage de Figaro seier Figaro det som blei mottoet til avisa: «Sans la liberté de blâmer, il n'est point d'éloge flatteur» ('utan fridom til å kritisera, kan ikkje smigraren prisa'). I 1833, utkjempa redaktøren Nestor Roqueplan ein duell med ein oberst Gallois over ein artikkel i avisa. Roqueplan blei såra, men overlevde.

Le Figaro kom ut sporadisk fram til 1854, då Hippolyte de Villemessant tok henne over og gjorde henne til ei vekeavis. Medan fleire blad han hadde hatt tidlegare hadde gått konkurs, gjorde Villemessant ein suksess av Le Figaro. Han nytta dyktige skribentar som Jules Claretie, Alphonse Karr, Albert Wolff og Émile Zola, og auka opplagstala kraftig. Frå 16. november 1866 blei ho ei dagsavis; den første dagsutgåva selde 56 000 utgåver. Ho var ei føregangsavis gjennom å dela opp ulike typar stoff i ulike redaksjonar, og å trykka intervju med kjende personar.

Le Figaro blei partipolitisk frå 1867, og var eit organ for ein klerikal og legitimistisk retning. Ho var antikeisarleg (mot Napoleon), og etter 1870 monarkistisk. Under Gaston Calmette si leiing frå 1903 til 1914 blei avis organ for ein meir moderat-konservativ, men sterkt nasjonal politikk. Calmette blei skoten i 1914 av Henriette Caillaux, kona til ein politikar avisa hadde kritisert over tid.

Parfymekongen François Coty var aviseigar frå 1922 til 1934. Avisa fekk då et visst fascistisk preg, og fekk eit dårleg omdøme som ein pamflett for Coty sitt politiske syn. Etter at Coty døydde i 1934 blei ho overteken av eit konsortium med Pierre Brisson som redaktør. Ho gjenvann stillinga som ei leiande konservativ og litterær avis, og ved byrjinga av andre verdskrig var ho den leiande avisa i Frankrike. I 1940–42 kom ho ut i Lyon, men stoppa så utgjevingar på grunn av sensuren til Vichy-regimet. Avisa flytta tilbake til Paris i 1944 og byrja koma ut att før den tyske okkupasjonsmakta var overvunnen.

I etterkrigstida fekk avisa meir stoff om vitskaplege emne, kunst og kultur, samstundes som ho dekte internasjonale tilhøve grundig. Blant medarbeidarane i etterkrigstida kan nemnast François Mauriac, Georges Duhamel og André Maurois. På 1960- og 1970-talet fann det stad ei rekkje konfliktar om leiinga og eigarskapen av avisa, ved at fleire redaktørar blei skulda for kollaborasjon med nazistane eller Vichy-regimet.

Frå 1975 til 2004 var Hersant-gruppa eigarar av avisa. Frå 2004 tilhøyrde ho Serge Dassault, eigaren av Dassault Aviation SA og politikar for Union pour un mouvement populaire (UMP).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Droits et Mentions Légales» (lefigaro.fr)
  2. Chiffre officiel sur le site de l'association OJD.
  3. Peralva, Angélina; Macé, Éric (2002), «Médias et violences urbaines», La Documentation Française (Paris) 
  • «Le Figaro», Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Online. Encyclopædia Britannica Inc., 2014. Web. 10 Jul. 2014.
  • «Le Figaro» (30. mai 2012), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 10. juli 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]