Furdalselva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Furdalselva
elv
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Gulen
Nedslagsfelt 8,4 km²
Lengd 6,2 km
Kjelde Holmevatnet
Munning Yndesdalsvatnet
Kart
Furdalselva
60°56′11″N 5°21′29″E / 60.93638889°N 5.35805556°E / 60.93638889; 5.35805556

Furdalselva er ei elv i Gulen kommune i Vestland. Ho har utspring frå Holmevatnet nordvest for Verkland. Ho renn derfrå mot vest og ned i Furdalen, der ho fortset mot sørvest og gjennom Furdalsvatnet, deretter mot sør, til ho munnar ut i Yndesdalsvatnet rundt to km vest for Yndesdal. Elva er 6,2 km lang[1], og har eit nedbørfelt8,4 km²[2].

I likskap med mange andre vassdrag i området vart fiskebestandane i Furdalselva negativt påverka av sur nedbør, spesielt i tida 1960-1990. I Furdalsvatnet vart bestanden av aure sterkt redusert på 1980-talet[3] medan bestanden av aure vart heilt utrydda.[4] I 1993/94 vart det sett ut aure igjen i vatnet for å freiste å reetablere bestanden. I 1998 viste ei undersøking at aurebestanden var tynn og at rekrutteringa var variabel. Under prøvefisket vart det òg fanga ein aure på 8 år, noko som tyder på at vatnet hadde ein minimal restbestand òg før utsettingane i 1993/94.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NVE Atlas Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine., Norges vassdrags- og energidirektorat
  2. Norgesglasset Arkivert 2009-06-24 ved Wayback Machine., Statens kartverk
  3. Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5
  4. 4,0 4,1 Trygve Hesthagen Gunnel Østborg: Endringer i areal med forsuringsskadde fiskebestander i norske innsjøer fra rundt 1990 til 2006, NINA Rapport 169, Trondheim, desember 2008, ISBN 82-426-1724-4