Omnfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Furnariidae)
Hopp til navigering Hopp til søk
Omnfuglar


Brunstammeløpar, Margarornis rubiginosus Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1902, Public domain
Brunstammeløpar, Margarornis rubiginosus
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, 1902, Public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Furnariidae
Namn på andre språk
  • Engelsk: Ovenbirds
    • Bokmål: Ovnfugler
  • Vitskapleg namn
    Furnariidae

    Omnfuglar, Furnariidae, er ein familie med om lag 300 artar av sporvefuglar i subtropisk og tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika.

    Dette er ei mangearta gruppe av fuglar som har fått namnet etter den omnliknande forma på reira gjort av leire hos artane i slekta Furnarius. Likevel har dei fleste artane i familien reir inne i hòl (tunnelar) i bakken eller i bergsprekker. Alle artane har overdekt reir. Dei legg opptil seks lysblåe, lysgrøne eller kvite egg som vert ruga mellom 15 og 22 dagar, og ungane forlèt reiret etter 13 - 20 dagar.

    Omnfuglar er små til mellomstore fuglar, storleiken varierer frå 9 til 35 centimeter i lengd. Kvar einskild art kan vere spesialisert for ein habitattype, til saman dekkjer dei praktisk talt alle neotropiske habitat, alt frå byparkar med haciendaomnfugl til tropisk lågland i Amazonas med sine mange lauvgranskarar til tempererte golde Andesfjella som har fleire artar av tunnelfuglar. Ved kystane finst to bergkallar (cinclodes), fjærebergkall og brottbergkall.

    Langnebbtunnelfugl, Geositta tenuirostris
    Foto: Tor Egil Høgsås
    Patagoniatunnelfugl, Geositta cunicularia
    Foto: Hector Botta
    Bleikfotomnfugl, Furnarius leucopus
    Foto: Doug Janson
    Svartkronelauvgranskar, Philydor atricapillus
    Foto: Dario Sanches
    Rustnålstjert, Leptasthenura yanacensis
    Foto: Dominic Sherony
    Gråtopptornskrikje, Pseudoseisura unirufa
    Foto: Hector Bottai

    Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

    Slektene av omnfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
    2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Omnfuglar