Future av The Seeds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Future
Studioalbum av The Seeds
Utgjeve August 1967
Innspelt 3. november 1966 - 6. juni 1967
Studio Gold Star Studios i Hollywood i California
Sjanger psykedelisk rock[1]
Lengd 40:00
Selskap GNP Crescendo
Produsent Marcus Tybalt
The Seeds-kronologi
A Web of Sound
(1966)
Future A Full Spoon of Seedy Blues
(1967)


Future er det tredje studioalbumet til det amerikanske garasjerockbandet The Seeds. Albumet var eit markante skifte i den musikalske retninga til bandet, bort frå garasjerock til meir eksperimentering med psykedelisk rock. Då albumet kom ut i 1967 nådde det Topp 100 på Billboard 200, men singelen deira, «A Thousand Shadows», vart ein mindre suksess enn dei tidlegare hittane til The Seeds.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

The Seeds gjekk inn i 1967 som eit etablert band med nasjonale hittar, inkludert «Pushin' Too Hard», og to solide album. Med ny manager, Lord Tim Hudson, og eit rykte for ville konsertframføringar, hadde bandet ein god profil i media.[3] Bandet gjekk i studio med håp om å utnytte suksessen dei hadde hatt og skape ein meir sofistikert stil.[4]

Innspelinga byrja i Gold Star Studios så tidleg som 3. november 1966, men det meste av innspelinga vart gjort i 1967. Den første innspelinga var «Travel With Your Mind», og den einaste som vart fullført i 1966. Denne stod i kontrast til dei seinare innspelingane. Prosjektet var ferdig den 6. juni 1967 og den siste innspelte songen var «March of the Flower Children».[5] The Seeds, hovudsakleg styrt av Sky Saxon brukte orkester og klassiske instrument i eit psykedelisk format. Samanlikna med dei tidlegare songane deira vart musikken meir kompleks og dei brukte meir overdubbing. Saxon hadde omfamna det psykedeliske miljøet og gjorde eit forsøk på sjangeren, blanda med sin eigen stil.[2]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Future kom ut i august 1967 på GNP, og gjorde det dårlegare enn dei tidlegare albuma på albumlista med ein 87. plass på Billboard 200. Den første singelen frå albumet, «A Thousand Shadows», gjorde det litt betre enn den førre singelen deira, «Mr. Farmer», men nådde ikkje høgare enn 72. plassen på Billboard Hot 100.[6] Future var det siste Seeds-albumet som gjekk inn på den nasjonale albumlista, og har fått noko negativ omtale. I 2013 vart Future gjeve ut på ny på Big Beats med unytta opptak, alternative versjonar og omfattande notat av Alec Palao.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Introduction»  Saxon, Hooper 1:03
2. «March of the Flower Children»  Saxon, Hooper 1:45
3. «Travel with Your Mind»  Saxon, Hooper, Savage 3:00
4. «Out of the Question»  Saxon, Serpent 3:02
5. «Painted Doll»  Saxon 3:20
6. «Flower Lady and Her Assistant»  Saxon 3:15
7. «Now a Man»  Saxon, Hooper, Savage 3:20
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
8. «A Thousand Shadows»  Saxon, Hooper, Savage 2:25
9. «Two Fingers Pointin' on You»  Saxon 3:10
10. «Where Is the Entrance Way to Play»  Saxon 2:55
11. «Six Dreams»  Saxon 3:05
12. «Fallin'»  Saxon, Hooper 7:40

Bonusspor på 2013-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Plate ein: monomiksar

  1. «Chocolate River» - [mono]
  2. «Sad and Alone» - [mono]
  3. «The Wind Blows Your Hair» (version 2) - [mono]
  4. «Travel with Your Mind» - [mono]
  5. «Painted Doll» - [mono]
  6. «Flower Lady and Her Assistant» - [mono]
  7. «Now a Man» - [mono]
  8. «Two Fingers Pointing on You» - [mono]
  9. «Where Is the Entrance Way to Play» - [mono]
  10. «Six Dreams» (alternate mix) - [mono]
  11. «Fallin'» - [mono]
  12. «The Navy Swings» - [mono]

Plate to: Contact High — andre opptak frå Future-innspelinga

  1. «Rides Too Long»
  2. «Chocolate River»
  3. «Flower Lady and Her Assistant» (take 1)
  4. «Where Is the Entrance Way to Play» (alternate mix)
  5. «Sad and Alone»
  6. «Contact High» (take 1)
  7. «Travel With Your Mind» (alternate mix)
  8. «Six Dreams» (take 4)
  9. «Two Fingers Pointing on You» (take 1)
  10. «The Wind Blows Your Hair» (version 2)
  11. «March of the Flower Children» (alternate mix)
  12. «A Thousand Shadows» (take 7)
  13. «Gypsy Plays His Drums» (version 1)
  14. «Satisfy You» (version 1)
  15. «900 Million People Daily All Making Love» (full length version)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chaddock, Ian (26. august 2009). «Seed-Sky Saxon Dead». Vive Le Rock. Henta 30. april 2018. 
  2. 2,0 2,1 Fred Thomas. «Future - Overview». allmusic.com. Henta 30. april 2018. 
  3. «Future - The Seeds». acerecords.com. Henta 30. april 2018. 
  4. «Sky's Limits: The Seeds Stumble Into Psychedelia». uglythings.com. Henta 30. april 2018. 
  5. «Future (The Seeds, 1967)». skysaxonseeds.com. Henta 30. april 2018. 
  6. «The Seeds - Chart History». billboard.com. Henta 30. april 2018. 
  7. «Seeds, The - Future». discogs.com. Henta 30. april 2018.