The Seeds av The Seeds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Seeds
Studioalbum av The Seeds
Språk engelsk
Utgjeve April 1966[1]
Innspelt Columbia Studios i Hollywood i California i USA
Sjanger Garasjerock, psykedelisk rock, proto-punk, acid rock[2]
Lengd 34:44
Selskap GNP Crescendo
Produsent Sky Saxon, Marcus Tybalt
The Seeds-kronologi 
The Seeds A Web of Sound
(1966)
Singlar frå The Seeds
  1. «Can't Seem to Make You Mine»
    Utgjeve: Juni 1965
  2. «Pushin' Too Hard»
    Utgjeve: November 1965
  3. «Try to Understand»
    Utgjeve: November 1966
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars (nyutgjeving)[3]

The Seeds er debutalbumet til det amerikanske garasjerockbandet The Seeds. Det kom ut i april 1966 på GNP Crescendo Records og var produsert av Marcus Tybalt og Sky Saxon. Etter dei to singlane «Can't Seem to Make You Mine» og «Pushin' Too Hard» i 1965, kom albumet ut og gjekk inn albumlista i USA, der det nådde 132. plassen på Billboard Top LPs & Tapes. I nyare tid har albumet fått positiv omtale og det vert sagt at albumet påverka punkrocken eit tiår seinare.[2]

Stil[endre | endre wikiteksten]

Som mange garasjerockband er vokalstilen til songaren Sky Saxon inspirert av Rolling Stones-songaren Mick Jagger, men er òg blitt samanlikna med vokalen til rockabillyartistane Buddy Holly og Eddie Cochran.[4]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

The Seeds gav ut to singlar før albumet kom i 1966: «Can't Seem to Make You Mine» i juni 1965 og «Pushin' Too Hard» i november.[1] The Seeds kom ut i april 1966. Den tredje singelen frå albumet var «Try to Understand», men denne gjekk ikkje inn på lista i USA.[1] «Pushin' Too Hard» vart gjeven ut på ny i oktober 1966 og gjekk inn på singellista i USA i 1967, då han nådde 36. plassen i februar.[1][5]

The Seeds har blitt gjeve ut på ny fleire gonger på både vinyl og CD, ofte i lag med det neste albumet deira, A Web of Sound.[6] Somme av dei nyare utgåvene har jerna songen «Lose Your Mind» frå den originale vinylutgåva.[3]

I 2012 gav Big Beat Records ut The Seeds i ei luksusutgåve med nymastra lyd i bonus, i tillegg til ti nye bonusspor av songar som ikkje var gjevne ut før.[7]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Sky Saxon, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Can't Seem to Make You Mine» 3:05
2.«No Escape»Jimmy Lawrence, Jan Savage, Saxon2:16
3.«Lose Your Mind» 2:11
4.«Evil Hoodoo»Daryl Hooper, Saxon5:19
5.«Girl I Want You» 2:26
6.«Pushin' Too Hard» 2:38
Side to
Nr.TittelLengd
7.«Try to Understand»2:53
8.«Nobody Spoil My Fun»3:54
9.«It's a Hard Life»2:40
10.«You Can't Be Trusted»2:12
11.«Excuse, Excuse»2:21
12.«Fallin' in Love»2:49
Bonusspor på luksusutgåva frå 2012
Nr.TittelLengd
13.«She's Wrong»2:13
14.«Daisy Mae»2:20
15.«Dreaming of Your Love»2:19
16.«Out of the Question - Take 1»3:02
17.«Out of the Question - Master»2:23
18.«Pushin' Too Hard»3:15
19.«Girl I Want You»2:22
20.«Evil Hoodoo»15:59
21.«It's a Hard Life»2:37
22.«Nobody Spoil My Fun»3:50

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar
Teknisk
  • Chuck Britzlydteknikar
  • Mike Durrough – lydteknikar, miksing
  • David Hassinger – lydteknikar
  • Lanky Linstrot – lydteknikar
  • Stan Ross – ny miksing
  • Doc Siegel – ny miksing
  • Marcus Tybalt – produsent, kommentarar
  • Rafael O. Valentin – lydteknikar
  • Alec Palao - leiande produsent
  • Neil Norman - leiande produsent

Notes[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Strong 1998, s. 731
  2. 2,0 2,1 Buckley 2003, s. 915–916.
  3. 3,0 3,1 «Seeds». Allmusic. Henta 29. april 2018. 
  4. Hicks 2000, s. 9.
  5. «Charts & Awards». Allmusic. Henta 29. april 2018. 
  6. Stewart Mason. «The Seeds/A Web of Sound». Allmusic. Henta 29. april 2018. 
  7. The Seeds (2012). «The Seeds - Deluxe Reissue» GNP Crescendo Records. Henta 29. april 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]