Fylkesveg 401
Utsjånad
| 401 | |||
| I Indre Årsnes | |||
| | |||
| Strekning | |||
|---|---|---|---|
| Strømme i Kristiansand – Vestre Vallesverd i Lillesand | |||
| Informasjon | |||
| Lengd | 18,6 km | ||
| Status | fylkesveg | ||
| Tilstøytande vegar | |||

- Sjå òg Fylkesveg 401 (fleirtyding)
Fylkesveg 401 (Fv401) går mellom Strømme i Kristiansand og Vestre Vallesverd i Lillesand. Veglengda er 18,6 km, av dette 7,1 km i Vest-Agder og 11,5 km i Aust-Agder.
Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma tredde i kraft har han status som fylkesveg.