Hopp til innhald

Fylkesveg 7630

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fylkesveg 7630, tidlegare fylkesveg 868 i Nordland, går mellom Trivatnet ved Raftsundbrua i Hadsel kommune og Holand i Vågan kommune. Vegen fylgjer austsida av Raftsundet og er 29,6 km lang.

Brubrekktinden med fylkesveg 868 sett mot nord, september 2010.
Foto: Simo Räsänen
Digermulen ferjekai, september 2010. Søre del av Raftsundet i bakgrunnen.
Foto: Simo Räsänen

Vegen mellom Digermulen og Kongselv vart opna i 1976. Frå Kongselv var det ferjesamband til Hanøy og Kaljord. Då fyrste del av Lofotens fastlandssamband, E10, vart opna frå Fiskebøl til og med Raftsundbrua i 1998, vart fylkesvegen langs Raftsundet bygd vidare frå Kongselv til Raftsundbrua, og bygdene på austsida av Raftsundet fekk dermed ferjefritt vegsamband til Svolvær.

Ferjesambandet frå Digermulen til Finnvika på Store Molla vart opna i 2001, etter at det var blitt bygd veg på vestsida av Store Molla. Før det hadde det vore ferjesamband frå Digermulen til Svolvær via Ulvåg og Brettesnes på Store Molla.

Vegen frå Holand til Storfjell stod ferdig i 1998.

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]

Hadsel

Raftsundveien

  •  
Fylkesveg 7630 Fløvassveien frå Raftsundbrua mot ferje Fylkesveg 7630 i Moskenes
  • bru Kongselva bru (Kongselva, 48 m)
  •  
Kv Kongsmarkveien til Kongselva (0,4 km) og til Kongsmarka (2,4 km)

Vågan

Digermulveien

  •  
Digermulen
  •  
Arm til Digermulen kai (0,1 km)
  •  
ferje Ferge fra Digermulen til Finnvika på Stormolla
  •  
Kv David Eilertsen-veien til Kyrkje Digermulen kirke
  •  
Fv7632 Pundslettveien frå Reinskaret til Sandnes (2,4 km)
  •  
Kv Hamnveien til Holandshamn (0,3 km)
  •  
Kv Storfjellveien frå Holand til Storfjell (6,1 km)


Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]