Raftsundbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Raftsundbrua
Raftsund bridge.jpg
Raftsundbrua sett frå sør
Typegirder bridge, vegbru
StadHadsel kommune
Opna6. november 1998
StrekningEuropaveg 10
Lengd711 meter
Høgd45 meter
Største spenn298 m
Breidd10,3 meter
KryssarRaftsundet
Materialearmert betong
Utformingspennbetongbru

Raftsundbrua
68°27′26″ N 15°11′33″ E

Raftsundbrua er ei bru som kryssar Raftsundet mellom Hinnøya og Austvågøya, i Hadsel kommune i Nordland. Brua er ei spennbetongbru, bygd etter fritt frambygg-metoden, på 711 meter, med lengste spenn på 298 meter og seglingshøgde på 45 meter. Brua har 4 spenn. Hovudspennet var det lengste fritt frambygg-spennet i verda då brua vart opna.

Raftsundbrua vart opna 6. november 1998. Ho er den siste av deil lange bruene som bind saman øyane i Vesterålen. Brua vart prosjektert av firmaet Aas-Jakobsen AS i Oslo og bygd av AS Anlegg som hovudentreprenør.

Brua er ein del av Lofast – fastlandsambandet til Lofoten - som vart opna 1. desember 2007. Sidan då er Raftsundbrua ein del av europaveg 10. Brua knyter den delen av Vågan kommune som ligg på Hinnøya saman med resten av kommunen. Raftsundbrua har gjeve innbyggarane i Austre Vågan lengre reiseveg enn før, fordi ferja direkte mellom Digermulen og Svolvær tok kortare tid enn det no tek å køyre frå Digermulen via Raftsundbrua til Svolvær.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Raftsundbrua» henta frå Wikipedia på bokmål 9. mars 2008. Bokmålsartikkelen oppgav desse kjeldene: