Lofast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lofast er forkortinga for Lofotens fastlandsforbindelse - vegen som gjer Lofoten ferjefritt samband til fastlandet. Vegen går frå Fiskebøl i Hadsel kommune i Nordland til Gullesfjordbotn i Kvæfjord kommune i Troms. Den samla lengda på vegen er 53 km.

Bygginga av Lofast vart einstemmig vedteke i Stortinget 9. juni 1989. Bygginga starta hausten 1993, og vegen vart bygd ferdig mellom Fiskebøl og Raftsundet i 1998. Etter det vart det førebels stopp i arbeidet fram til 2003. Lofast vart opna i desember 2007.

Lofast eer ein del av europaveg 10.

Strid om trasévalget[endre | endre wikiteksten]

Det var mykje strid om trasévalet då Lofast vart planlagd, og det vart utarbeidd fleire moglege traséar. I Hadsel ynskte ein sterkt å få bygd tunnel under Hadselfjorden, mellom Fiskebøl og Melbu, men dette alternativet vart vald bort fordi ein slik tunnel ville verte både lang, djup og dyr. I tillegg frykta somme at tunnelen kunne verte farleg og utsett for jordskjelv, sidan grunnforholda under Hadselfjorden er kompliserte. Dessutan ville dette alternativet gjeve den lengste vegen, med eksisterande passeringar gjennom tettstadene Stokmarknes og Sortland.

Eit anna traséalternativ var å nytte eksisterande riksveg 822 mellom Langvassdalen og Kaljord, oppruste denne til europavegstandard og byggje ny veg med bruer mellom Kaljord og Raftsundet og vidare til Fiskebøl. Også dette alternativet ville vorte dyrt, fordi det ville kosta mykje å utvide den eksisterande vegen til europavegstandard.

Til slutt vart den såkalla «Nordre trasé» vald, med veg mellom Fiskebøl og Gullesfjordbotn, bruer over Raftsundet og Øksfjorden, og tunnelar under Sløverfjorden og mellom Øksfjorden og Sørdalen.

Striden om trasévalet førte med seg mykje krangling mellom Vesterålen og Lofoten i avisene og på kommunenivå.

Sjølv om vegen vert kalla Lofast går vegen faktisk ikkje i Lofoten i det heile, men i Vesterålen (Hadsel kommune), Ofoten (Lødingen kommune) og Troms (Kvæfjord kommune).

Protestar frå naturvernarane[endre | endre wikiteksten]

Norges Naturvernforbund har vore skeptisk til Lofast. Dei og andre naturvernarar har kalla Lofast for eit alvorleg naturinngrep. Vegen vil gå i eit område som har vore relativt urørt. Møysalen nasjonalpark er oppretta ikkje langt frå området vegen går gjennom, og delar av området er ubebygd og har hatt liten menneskeaktivitet. Men tilhengarane av vegen har argumentert med at området tross alt har hatt noko aktivitet, med mellom anna ei kraftlinje gjennom området, og at vegen vil gje fleire menneske høve til å nyte naturen i området. Dessuten meiner dei at samferdsla tross alt må gå før verneinteressene.

Framover[endre | endre wikiteksten]

Opninga av Lofast vil få fylgjer for ferjestrekningane til og ved Lofoten. Fylkesråd for næring og samferdsel i Nordland, Sonja Steen, har innstild til Nordland fylkesting at ferjesambandet Melbu-Fiskebøl skal oppretthaldast omtrent på same nivået som før opninga, helst med ei snøggare ferje, men med mindre ferjemateriell enn i dag. Bognes-Lødingen skal få auka kapasitet på heilårsbasis. Bodø-Moskenes skal få auka kapasitet i sommarsesongen. For Skutvik-Svolvær meiner fylkesrådet at ferjesambandet bør oppretthaldast i full drift i ein prøveperiode på to år.[1][2]

Regionvegsjef Torbjørn Naimak har tidlegare gått inn for at ferjesambandet Skutvik-Svolvær skal leggjast ned når Lofast vert opna. Han meiner det ikkje finst pengar i budsjetta til å oppretthalde ferjesambandet, viss ein skal fortsetje drifta av og styrkje dei andre ferjestrekningane.[3]

I Lødingen vonar ein å få bygd veg langs austsida av Øksfjorden frå dagens fylkesveg i Lødingen Vestbygd til Lofast lenger inne i fjorden. Men eit slikt vegprosjekt vil verte dyrt, sjølv om det er relativt kort, og det er svært usikkert når denne vegbiten eventuelt vil verte bygd.

Tunnelar og bruer på Lofast[endre | endre wikiteksten]

Trasé[endre | endre wikiteksten]

Vegen er ein del av Lofast.

Hadsel
Lødingen
  • bro Vesterstraumen bru (305 m) over Vesterstraumen (Øksfjorden)
  • Husjordøya
  • bro Austerstraumen bru (196 m) over Austerstraumen (Øksfjorden)
  • tunnel Sørdalstunnelen (6338 m) frå Øksfjorden til Sørdalen
Kvæfjord

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nordland fylkeskommune: Samferdselsutredning for nordre Nordland /Sør-Troms, arkivert frå originalen 1. april 2007, henta 27. juni 2007 
  2. Avisa Nordland: «Vil beholde lofotferga»
  3. Avisa Nordland: «Maks to års prøvedrift»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen byggjer på «Lofast» henta frå Wikipedia på bokmål 27. juni 2007.