Europaveg 10 i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Europaveg 10 i Noreg
Vegnummerskilt riksveg E 10
Strekning
Å i Lofoten – riksgrensa
Europaveg 10 i Noreg

E10 gjennom Noreg
Europaveg 10 i Noreg

E10 gjennom Nordland og Troms
Informasjon
Lengd 382,0 km
Status riksveg
nasjonal turistveg
Tilstøytande vegar
Europaveg 10 i Noreg Europaveg 10 i Noreg Europaveg 10 i Noreg Europaveg 10 i Noreg
Europaveg 10 i Noreg
Restriksjonar
Kolonnekøyring
om vinteren
Bjørnfjell
Nattestenging
om vinteren
Bjørnfjell

Europaveg 10 (Noreg) (E10, Kong Olav Vs vei), er ein norsk stamveg som går mellom Å i Lofoten og riksgrensa på Bjørnfjell rett nord for Narvik. Vegen er 382 km lang.[1]

Vegen går gjennom Å i Lofoten, Sørvågen, Reine, Ramberg, Leknes, Svolvær, Fiskebøl, Gullesfjordbotn, Tjeldsund bru, Bogen og Bjerkvik til Bjørnfjell.

Vegen gjekk tidlegare om Melbu, Stokmarknes og Sortland. Ny Europaveg 10 mellom Fiskebøl og Gullesfjordbotn («Lofast») opna 1. desember 2007. Delstrekninga mellom Fiskebøl og Raftsundet vart opna i 1998.

Strekninga mellom Å og Melbu fekk status som Nasjonal turistveg Lofoten 6. september 2007. Òg vegane til Nusfjord (Fv807), Vikten (Fv811), Unstad (Fv992), Eggum (Fv994) og Henningsvær (Fv816) inngår i turistveien.[2][3][4]

Veghistorie[endre | endre wikiteksten]

Vegen som i dag heiter europaveg 10 i Noreg heitte fram til 1992 riksveg 19. Før det heitte vegen mellom Bjerkvik og Troms grense ved Evenes riksveg 795.

Ein plan for Lofotvegen Å-Fiskebøl med ferje til Melbu vart godkjent av Stortinget i 1949. Men alt på slutten av 1930-talet definerte vegkomitéen i Nordland fylke Lofotvegen som strekninga Å-Lødingen. I 1963 var vegsambandet ferdig, med ferjesamband over fjordar og sund. Kong Olav V opna Lofotvegen Å-Svolvær offisielt den 1. august 1963. Ei minneplate med namnetrekket hans står i fjellet ved Akkarvik på Moskenesøya.

Seinare vart det bygd bruer og tunnelar for å erstatte ferjesambanda og dårlege vegparti. Mellom anna vart Tjeldsundbrua opna i 1967, Vesterålsbruene vart opna på 1970-talet, og Nappstraumtunnelen erstatta den siste ferjestrekninga på vegen i Lofoten i 1990. Vegsambandet over Bjørnfjell til Sverige opna i 1984.

Ein milepåle vart nådd da fastlandssamband til Lofoten (Lofast) mellom Fiskebøl og Gullesfjordbotn vart opna 1. desember 2007. Den nye vegen vart opna av dronning Sonja. Dermed kunne ein endeleg køyre ferjefritt mellom Lofoten og fastlandet.

Vegen frå E6 til den svenske grensa (Bjørnfjellvegen) vart opna i 1984. På svensk side opna vegen frå Kiruna til grensa i 1983. Vegen mellom Luleå og Kiruna er mykje eldre.

Som med mange andre vegar i Noreg er det i dag (2008) dårleg standard på vegdekket på delar av europaveg 10. NRK Nordland meldte 10. mars 2008 at Statens vegvesen ville vurdere å høvle ei strekning i Tjeldsund og Lødingen kommunar ned til grusveg om vegvesenet ikkje fekk pengar til å forsterke og nyasfaltere strekninga.[5]

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

E10 ved Å
Reine frå Reinebringen i 2003

Nordland [endre | endre wikiteksten]

Moskenes
Flakstad
Vestvågøy
Svolvær i 2005
Vågan
Hadsel
Raftsundbrua sett frå sør
Lødingen

Troms [endre | endre wikiteksten]

Kvæfjord

Nordland [endre | endre wikiteksten]

Lødingen
Tjeldsund

Troms [endre | endre wikiteksten]

Harstad
Tjeldsund bru.
Skånland

Nordland [endre | endre wikiteksten]

Evenes
Narvik
Krysset i Bjerkvik

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Iht. [1] Arkivert 2020-02-16 ved Wayback Machine.
  2. Lofotposten: Åpnet Lofotens turistvei (6. september 2007)
  3. Turistveg.no: Lofoten
  4. Info frå Statens vegvesen
  5. NRK: Europaveg kan bli grusvei (10./11. mars 2008)
  6. Lofot-Tidende: Tunnelen er åpnet! (14. mars 2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]