GN-z11

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

GN-z11 er ein galakse med høg raudforskuving som finst i stjernebiletet Ursa Major (Den store bjørnen). GN-z11 var fram til 2022 rekna som den fjernaste kjende galaksen frå jordkloten som nokon gang er oppdaga.[1][2]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet er avleia frå plasseringa galaksen har i GOODS-North-feltet av galaksar og hans høge kosmologiske raudforskuvingstal (GN + z11).[3]

Oppdaginga[endre | endre wikiteksten]

Oppdaginga hende av romteleskopet Hubble i 2015. Forskarteamet nytta Hubble sitt Wide Field Camera 3 for å måla avstanden til GN-z11 spektroskopisk, og målte raudforskuvinga forårsaka av ekspansjonen til universet jamfør Big Bang.[4] Nyhendet vart publisert i ein artikkel i 2016 leia av Pascal Oesch og Gabriel Brammer. Fram til oppdaginga av HD1 i 2022, var GN-z11 den eldste og fjernaste kjende galaksen var identifisert i det observerbare universet.[5][6] Galaksen hadde ei spektroskopisk raudforskuving på z = 11,1.[3][7] Galaksen var observert, og teke bilete av, slik han eksisterte for 13,4 milliardar år sidan, berre 400 millionar år etter Big Bang.[3][8][9][10][11][12]

GN-z11 er omtrent 125 av storleiken til mjølkevegen, og er vidare berre 1% av massen. GN-z11 lagar nye stjerner tjue gangar snøggare enn mjølkevegen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gohd, Chelsea (21. desember 2020). «Scientists think they've spotted the farthest galaxy in the universe». Space.com. Henta 10. november 2022. 
  2. O'Neill, Mariclaire; Whitehead, Nadia (7. april 2022). «Scientists Have Spotted the Farthest Galaxy Ever». Center for Astrophysics. Henta 10. november 2022. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Hubble Team Breaks Cosmic Distance Record». NASA. 3. mars 2016. Henta 10. mars 2016. 
  4. 4,0 4,1 Shelton, Jim (3. mars 2016). «Shattering the cosmic distance record, once again». Yale University. Henta 4. mars 2016. 
  5. Klotz, Irene (3 March 2016). «Hubble Spies Most Distant, Oldest Galaxy Ever». Seeker (Discovery, Inc.). Henta 5 February 2020. 
  6. «Scientists Have Spotted the Farthest Galaxy Ever | Center for Astrophysics», www.cfa.harvard.edu, henta 10. januar 2023 
  7. «A New Record for the Farthest Galaxy Known | Center for Astrophysics», www.cfa.harvard.edu, henta 10. januar 2023 
  8. Oesch, P. A.; Brammer, G.; van Dokkum, P.; et al. (Mars 2016). «A Remarkably Luminous Galaxy at z=11.1 Measured with Hubble Space Telescope Grism Spectroscopy». The Astrophysical Journal 819 (2). 129. Bibcode:2016ApJ...819..129O. arXiv:1603.00461. doi:10.3847/0004-637X/819/2/129. 
  9. Amos, Jonathan (3 March 2016). «Hubble sets new cosmic distance record». BBC News. Henta 3 March 2016. 
  10. Griffin, Andrew (4 March 2016). «Most distant object in the universe spotted by Hubble Space Telescope, shattering record for the farthest known galaxy». The Independent. Henta 17 December 2017. 
  11. Borenstein, Seth (3. mars 2016). «Astronomers Spot Record Distant Galaxy From Early Cosmos». Associated Press. Arkivert frå originalen 6. mars 2016. Henta 1. mai 2016. 
  12. «GN-z11: Astronomers push Hubble Space Telescope to limits to observe most remote galaxy ever seen». Australian Broadcasting Corporation. 3 March 2016. Henta 10 March 2016.