Galen Rupp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galen Rupp


Statsborgarskap USA
Fødd 8. mai 1986 (37 år)
Portland i Oregon
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommer-OL 2008 – 10 000 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 5 000 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2012 – 10 000 meter herrer, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 10 000 meter menn, Friidrett under Sommar-OL 2016 – Maraton menn, Friidrett under Sommer-OL 2020 – Maraton menn

Utmerkingar

The Bowerman

Galen Rupp (fødd 8. mai 1986 er ein USA-amerikansk langdistanseløpar frå Portland i Oregon. Han vann sølvmedaljen på 10 000-meteren ved OL 2012 og bronsemedaljen i maratonløpet ved OL 2016.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Rupp deltok på i tre verdsmeisterskap og i OL 2008 før han i London-OL 2012 fylgde spurtfenomenet Mo Farah heilt inn til mål i milløpet og sikra seg ein sølvmedalje. Tidlegare i 2012 sette han personbeste på 5 000 meter med tida 12.58,9. 30. mai 2014 forbetra han sin eigen landsrekord på 10 000 meter til 26.44,0 i Eugene i Oregon. Under dei olympiske leikane 2016 i Rio de Janeiro sprang han inn til femteplass på mila, for så å ta bronsen i maraton.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2007 i Osaka: Nr 11 på 10 000 m – 28.41,7
  • OL 2008 i Beijing: Nr 13 på 10 000 m – 27.36,9
  • VM 2009 i Berlin: Nr 8 på 10 000 m – 27.37,9
  • VM 2011 i Daegu: Nr 7 på 10 000 m – 27.26,8. Nr 9 på 5 000 m – 13,28,6
  • OL 2012 i London: Sølvmedalje på 10 000 m – 27.30,9, bakom Mo Farah (27.30,4). Nr 7 på 5 000 m – 13.45,0
  • VM 2013 i Moskva: Nr 4 på 10 000 m – 27.24,3. Nr 8 på 5 000 m – 13.29,8
  • VM 2015 i Beijing:Nr 5 på 5 000 m – 13.53,9, og nr 5 på 10 000 m – 27.08,9
  • OL 2016 i Rio de Janeiro: Bronse på maraton – 2.10.05. Nr 5 på 10 000 m – 27.08,9
  • OL i 2021 i Tokyo: Nr 8 i maraton – 2.11.41

Kjelder[endre | endre wikiteksten]