Game Boy Color

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gameboy Color

Game Boy Color (og kjend som GBC) er ein handhalden spelkonsoll laga av Nintendo og er etterfylgjaren til Game Boy. Han har fargeskjerm og kan vise opp til 56 forskjellige fargar samstundes, frå ein palett på 32 768 fargar. Game Boy Color kan også fargeleggje spel som var utvikla for den opphavlege Game Boy-konsollen.

Game Boy Color har ein dobbelt så rask prosessor og dobbelt så mykje minne som dei tidlegare utgåvene, i tillegg til ein infraraud kommunikasjonsport. Ein av dei mest ettertrakta eigenskapane er bakoverkompabiliteten, det at ein kan nytte Game Boy-kassettar laga for eldre utgåver for å spele eldre spel. Dette vart ein hovudeigenskap til Game Boy-serien, som ved kvar ny-lansering fekk eit større spelbibliotek enn nokon av konkurrentane.

Tekniske spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • CPU: Z80 – kunne køyre på 4 og 8 MHz
  • RAM: 32 kbit (pluss 128 kbit på kassettane)
  • ROM: Kassettar på opp mot 64 Mbit vart produsert
  • Video RAM: 16 kbit
  • Lyd: 4 kanalars stereo
  • Skjerm: Reflektiv LCD, 160 x 144 pikslar
  • Fargepalett: 32 768 fargar; støtta 10, 32, eller 56 samtidige fargar på skjermen
  • Kommunikasjon:
    • Seriell: 512 kbit/s; opptil fire konsollar samstundes
    • Infraraud: Mindre enn to meter ved 45 grader
  • Straum: 2 stk AA batteri som rekk til ca. 13 timar. Også ein straumadapter var tilgjengeleg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.