Super Nintendo Entertainment System

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Super Nintendo Entertainment System (også kjent som Super NES, SNES eller Super Nintendo) er ein 16-bits spelekonsoll som vart lansert i 1990 av Nintendo i Japan, 1991 i Nord-Amerika, 1992 i Europa og Australasia (Oceania), og Sør-Amerika i 1993. 4. juni 1992 vart maskina lansert i Noreg. I Japan og søraust-Asia er systemet kalla Super Famicom (スーパーファミコン korta SFC). I Sør-Korea, er systemet kjent som Super Comboy (슈퍼 컴보이) og var distribuert av Hyundai Electronics. Sjølv om dei ulike versjonane i utgangspunktet var like, har regionlåsar i ulike variantar hindra dei ulike versjonane frå å vere kompatible med kvarandre.

Super Nintendo Entertainment System er den andre heimekonsollen til Nintendo, og er etterfylgjaren av Nintendo Entertainment System (NES). Konsollen introduserte avansert grafikk og lydattgjeving samanlikna med andre konsollar på den tida. I tillegg vart det utvikla ei rekkje chipar som utvida kapasiteten på konsollen, noko som hjelpte han å halde seg konkurransedyktig etter lanseringa.

SNES var ein global suksess, og vart den konsollen i den såkalla 16-bit-eraen som selde mest, trass i ein relativt sein start og hard konkurranse frå Mega Drive-konsollen av Sega. SNES har heldt seg populær langt inn i 32-bit-eraen, og held fram med å vere populær blant samlarar, retro-spelarar og til emulering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]