Ganzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ganzhou (赣州市)
by
none
Land Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Høgd 107 m
Areal 39 379,64 km²
Type Byprefektur
Folketal 8 368 447 (Folketeljing 2010[1])
Plasseringa av Ganzhou (gult) i Jiangxi, og av Jiangxi i Kina.
Plasseringa av Ganzhou (gult) i Jiangxi, og av Jiangxi i Kina.
Wikimedia Commons: Ganzhou
Nettstad: http://www.ganzhou.gov.cn/

Ganzhou (kinesisk skrift 赣州, pinyin Gànzhōu) er eit kinesisk byprefektur i provinsen Jiangxi i det sentrale Kina. Arealet er på 39 379,64 km². Folketalet ved folketeljinga i 2010 var 8 361 447, av desse budde 1 977 253 i urbane område i Zhanggong, Nankang og Ganxian.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Keisar Gaozu frå Han-dynastiet oppretta i år 201 eit fylke i dette området. På den tid var det minimalt med han-kinesarar der, og dei heldt for det meste til på slettelandet ved elva Gan. Denne sørlege bielva til Chang Jiang, via Poyangsjøen, danna den viktigate kommunikasjonslenka mellom det sentrale Kina og områda i sør, og langs denne elva kunne ein dyrke ris.

Under Sui-dynastiet vart fylket oppgradert til prefektur, og det hadde då namnet Qianzhou (虔州). Under Song-dynastiet flytta stendig fleire han-kinesarar inn frå nord, de lokale stammane vart drivne opp i fjellandet. Særleg etter at det nordlege Song-dynastiet sin hovudstad Kaifeng fall, auka den han-kinesiske tilflyttinga dramatisk. Namnet vart offisielt endra til Ganzhou under det sørlege Song-dynastiet.

Seint på 1800-talet vart Ganzhou opna som ei av dei mindre traktatshamnene for utanlandske selskap. Den vanlege vestlege translittereringa av namnet var då Kanchow.

Mellom 1929 og 1934 var Ganzhou del av Jiangxisovjetet, ein av basane for Det kommunistiske partiet i Kina. Her låg kommunistane sin hovudstad Ruijin, som gjentekne gongar var forsøkt omringa av Kuomintang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 25°52′N 114°56′E