Ruijin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa av Ruijin i provinsen Jiangxi.

Ruijin (kinesisk 瑞金; pinyin Ruìjīn) er eit kinesisk byfylke i provinsen Jiangxi i sentrale Kina. Folkesetnaden i heile byfylket var i 1999 579 443.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen er kjend for å ha vore hovudstad for Den kinesiske sovjetrepublikken frå 1931 til 1934.

Kommunistene etablerte seg der etter at dei blei tvinga ut av fjellpartiet Jinggangshan av Guomindang i 1920-åra. I 1934 la kommunistane derfor ut på «den lange marsjen».

Det er ei mengd minnesmerke og attraksjonar i byen som er knytt til denne perioden under den kinesiske borgarkrigen og til Mao Zedong sitt nærvere der, og byen nyt godt av den «raude turismen» i Kina. Det heile har sidan 1961 vore oppført på Folkerepublikken Kina si liste over verneverdige minnesmerke som Ruijin geming yizhi (瑞金革命遗址).

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 206 i Kina, som passerer dette området, går frå kystbyen Yantai til kystbyen Shantou i provinsen Guangdong. Han går gjennom provinsane Shandong, Jiangsu, Anhui, Jiangxi og til slutt Guangdong.

Riksveg 319 i Kina går gjennom fylket. Riksvegen byrje i Xiamen i Fujian og går nordvestover gjennom provinsane Jiangxi, Hunan og Chongqing, til han ender opp i Chengdu, hovudstaden i provinsen Sichuan.

Riksveg 323 i Kina byrjar i Ruijin og går sørvestover gjennom Guangdong og Guangxi. Han endar opp i Lincang i Yunnan, på grensa mot Burma.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. National Population Statistics Materials by County and City – 1999 Period, i China County & City Population 1999, Harvard China Historical GIS