Murom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Murom
Муром
Murom på byrjinga av 1900-talet
Murom på byrjinga av 1900-talet
Murom på byrjinga av 1900-talet
Byåpenet til Murom
Byvåpenet til Murom


Plassering
Murom is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Vladimir oblast
Grunnlagd
Bystatus
862
1778
Borgarmeister Valentin Katsjevan
Geografi
Flatevidd
 - By

44 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

120 800
  2 745,5 /km²
Koordinatar 55°34′″N 42°02′″EKoordinatar: 55°34′″N 42°02′″E
Høgd over havet 115 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 602250–602267
Retningsnummer (tlf) (+7)49234
Nettstad: www.murom.info/

Murom (russisk Му́ром, norrønt Moramar) er ein historisk by i Vladimir oblast i Russland med om lag 120 000 innbyggjarar. Han ligg langs venstre breidd av elva Oka, rundt 120 km søraust for Vladimir.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Treeiningsklosteret i Murom

På 800-talet markerte byen den austlegaste busetnaden av slavarar på området til det finsk-ugriske folket kalla muromarar. Den russiske første krønike nemner byen så tidleg som 862 og han er dermed ein av dei eldste byane i Russland.

Mellom 1010 og 1393 var han hovudstad i eit eige fyrstedøme, og av fyrstane i Murom var Sankt Gleb, som vart myrda i 1015 og kanonisert i 1071, Sankt Konstantin av Murom, og helgenane Peter og Theuronia. Han var òg heimby for Ilja Muromets, ein av dei mest feira austslaviske episke heltane.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Frelserklosteret, eit av dei eldste i Russland, vart først nemnt i 1096, då Oleg av Tsjernigov omleira det og drap Izjaslav, son til Vladimir Monomakh, som er gravlagt i klosteret. I 1552 vitja Ivan den skrekkelege klosteret, og han fekk oppført ein steinkatedral, som seinare òg fekk selskap av andre kyrkjer.

Treeiningsklosteret, der leivningane etter helgenane Peter og Theuronia er utstilt, inneheld ein vakker katedral (oppført 1642-43), Kazankyrkja (1652), eit klokketårn (1652), ei trekyrkje til St. Sergej, og steinmurar.

Forkynningsklosteret vart grunnlagt under Ivan den grufulle for å huse leivningane til lokale fyrstar, og inneheld ein katedral frå 1664. De to sistnemnde katedralane, som truleg er oppført av dei same meistrane, har mykje til felles med Gjenoppstandingskyrkja (1658) i sentrum av byen. Ganske forskjellig frå desse er derimot dei teltforma kyrkje til Kozma og Damian, bygt i 1565 ved breidda av Oka til minne om den russiske erobringa av Kazan.

Kjende personar frå Murom[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]