Kola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For drykkjen, sjå cola. For halvøya sjå Kolahalvøya.
Kola
Кола
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til
Byvåpenet til


Plassering
Kola is located in Russland
Kola is located in Murmansk oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Murmansk oblast
Grunnlagd
Bystatus
1565
1784
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

10 545
Koordinatar 68°52′59″N 33°1′19″EKoordinatar: 68°52′59″N 33°1′19″E
Høgd over havet 15 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 184380
Retningsnummer (tlf) +7 81553
Bilnummer 51
Nettstad: kola.murmansk.ru/region/about/

Kola (russisk Ко́ла, nordsamisk Guoládat, skoltesamisk Kuâlõk) er ein by i Murmansk oblast i Russland med om lag 11 000 innbyggjarar. Han ligg ved munningen til elvane Kola og Tuloma, 12 km sør for Murmansk. Kola er den eldste byen på Kolahalvøya.

Distriktet Kolo vart først nemnt i russiske kjelder i 1264. Området vart folkesett av pomorar, som bygde fortet Kola i 1565. Svenskene klarte ikkje å innta fortet under den svensk-russiske krigen mellom 1590 og 1595. På 1600-talet blømde byen som eit utgangspunkt for pomorane sine ekspedisjonar til Spitsbergen og Novaja Semlja.

Kola på eit hollandsk kart over Nord-Europa, trykt i 1601.

Sjølv om Kola fekk bystatus i 1784 så gjekk byen tilbake etter at Russland fekk tilgang til Austersjøen. Byen vart brukt av tsarane som ein eksilstad og vart brend ned til grunnen under krimkrigen, då eit britisk krigsskip bombarderte byen i tjue timar. Som følgje av øydelegginga vart senteret for distriktet flytt frå Kola til Kem. Den øydelagde byen vart seinare overskugga av den nærliggande byen Murmansk, som Kola no vert rekna som ein forstad til.

Sjølv om jordvoller og grøfter frå den opphavlege festninga framleis eksisterer, så er det viktigaste landemerke i Kola katedralen som vart bygd 1800–1809 og den kan ha vore den første bygningen i stein på Kolahalvøya. Andre attraksjonar er Pomormuséet og Murmasji, det nordlegaste spaet i Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kola