Gargiaelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gargiaelva
elv
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Nedslagsfelt 112 km²
Renn gjennom Alta og Kautokeino kommune
Lengd 24 km
Kjelde Bajimus Goastejavri
 - høgd 493 moh.
Munning Altaelva

Gargiaelva er ei sideelv til Altaelva i Finnmark fylke og er ein del av Alta-Kautokeino-vassdraget. Elva munnar ut om lag 27 km opp i Altaelva. Elva startar på Beskades som er ein del av Finnmarksvidda. Nedslagsfeltet til elva er lite og drenerer berre denne delen av vidda. Gargafossen som er om lag 1 km opp i elva gjer at det ikkje går særleg mykje fisk i elva. Litt røye og aure kan gå opp i nedre del av elva.