Gaston Roelants

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gaston Roelants

Statsborgarskap Belgia
Fødd 5. februar 1937 (87 år)
Opvelp
Yrke maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar
Høgd 174 centimeter
Gaston Roelants på Commons
Gaston Roelants i 1967

Gaston Roelants (fødd 5. februar 1937) er ein belgisk tidlegare friidrettsutøvar frå landsbyen Opvelp i Flandern. Han er best kjend som hinderløpar, men deltok også på langdistansar heilt opp til maraton. Roelants vart europameister på 3000 meter hinder i 1962 og olympisk meister i same øvinga i 1964. Han sette to verdsrekordar på 3000 m hinder, den siste i 1965 med tida 8.26,4.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Roelants fekk sin meisterskapsdebut under sommar-OL 1960 i Roma. Her kom han på fjerdeplass på 3000 meter hinder. Frå august 1961 innleia han ei sigerrekke i hinderløp som skulle vare i fem år. I denne perioden vann han gullmedaljen på friidretts-EM 1962 i Beograd, og heldt fram året etter, den 7. september 1963, med å sette verdsrekord i Leuven på tida 8.29,6. I oktober 1964 sikra han seg gullmedaljen under sommarleikane i Tokyo med ei tid ned mot sin eigen verdsrekord. Han forbetra i 1965 verdsrekorden på distansen til 8.26,4, ein rekord som vart ståande i tre år.

Ved europameisterskapen i Budapest i 1966 vart Roelants sigerrekke på 3000 m hinder broten, då det vart bronsemedalje. Under dei olympiske leikane i Mexico-byen i 1968 vart han nummer sju på 3000 m hinder med tida 8.59,4, vel åtte sekundar bak olympiameisteren frå Kenya. Sidan i leikane kom han ellevteplass i maraton, i tynnlufta i Mexico brukte han over to timar og 29 minuttar.

Frå slutten av 1960-talet konkurrerte Roelants oftast på lange distansar. Han vann VM i terrengløp fire gongar; 1962, 1967, 1969 og 1972, tre gongar kom han på andreplass. To gongar sette han verdsrekord på 20 000 meter og 1 times løp. Dei siste rekordane frå 1972 var på 57.44,4 og 20 878 meter. I europameisterskapane 1969 og 1974 tok han høvesvis sølv- og bronsemedalje i maratonløp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]