Gaukesyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gaukesyre
Gaukesyre
Gaukesyre
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Oxalidales
Familie: Gaukesyrefamilien Oxalidaceae
Slekt: Oxalis
Art: Gaukesyre O. acetosella
Vitskapleg namn
Oxalis acetosella

Gaukesyre eller gauksyre (Oxalis acetosella) er ei skogplante med tre-kopla blad og fem kronblad i blomen. Planta blir mellom 5 og 10 cm høg, med blad og blomsterskaft frå ein krypande jordstengel.

Blomsten til gaukesyra

Blomane er kvite med rosa årer, 8 til 12 mm store. Ein kan òg finne rosa og raudlilla blomar. Blad og blomar har tydelege rørsler i høve til lys og temperatur, m.a. opnar blomen seg og rettar seg etter sola. Frøkapselen er om lag 3 mm stor og grønkvit.

Gaukesyra veks i bar- og lauvskog der det er skugge, fukt og god mold. Blomstring skjer frå vår til haust. Om våren produserer planta vanlege opne (chasmogame) blomar, medan blomane frå sumar og haust ikkje opnar seg (kleistogami).[1] Planta finst over det meste av Europa og i delar av Asia. I Noreg nord til Tromsøysund og Kåfjord. Ho finst òg i Mellom- og Sør-Sverige og Finland, dessutan i heile Danmark og Færøyane og i eit lite område på austre Island.

Blada og blomane kan etast og har ein frisk, syrleg smak som kjem frå oksalsyre. For mykje av denne syra kan derimot vera skadeleg, slik at ein bør avgrensa inntaket av gaukesyre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Berg, H. & P. Redbo-Torstensson (1998). «Cleistogamy as a bet-hedging strategy in Oxalis acetosella, a perennial herb». Journal of Ecology 86: 491-500. doi:10.1046/j.1365-2745.1998.00272.x. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gaukesyre