Gausa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gausa like før utløpet i Gudbrandsdalslågen
Foto: Jan-Tore Egge

Gausa er ei elv i kommunane Gausdal og Lillehammer i Oppland.

Gausa drenerer fjellpartia søraust for Vinstre og aust for Espedalen. Vassdraget er delt i to hovudgreiner, Gausa og Jøra. Gausa startar ved bygda Svingvoll, der Kidlielva og Skeiselva møter kvarandre. På Forset møter Jøra og Augga og ved Segalstad bru renn Jøra ut i Gausa. Gausa renn ut i Gudbrandsdalslågen mellom Jørstadmoen og Fåberg, 6 km nord for Lillehammer.

Gausa er verna med omsyn til til Verneplan II for vassdrag.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Oppland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.