Gaustadbekken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gaustadbekken ved Ole-Johan Dahls hus.

Gaustadbekken er ein bekk i Oslo. Han byrjar i Langmyrene nord for Kringsjå, og renn saman med Sognsvannsbekken ved Frøen. Etter samløpet held han fram som Frognerelva. Han går i dag ved overflata, men var tidlegare lagd i røyr, før bygginga av Ole-Johan Dahls hus.

Gustadbekken har gjeve namn til Gaustadbekkdalen.

Ved store regnskyll kjem det kloakkvatn med tarmbakteriar ut i Gaustadbekken ettersom avløpssystemet i Korsvollområdet ikkje er nok dimensjonert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]